Inspirasjon og kreativitet finn du også i Bjørnafjorden
– Kall det timing, men dagen etter stod eg på scena under Fabrikkendagane i Fabrikken næringsforening på Osøyro.

Ole Tobias Lindeberg, dagleg leiar i Oseana Kunst- og Kultursenter, har i eit lesarinnlegg retta si merksemd mot at kultur heng tett saman med næringsutvikling, reiseliv og stadutvikling.
Lindeberg meiner at Bjørnafjorden må sjå mot Bergen.
Han viser til at Bergen skal etablere eit investeringsfond for kreative næringar, og til Bergen Næringsråd som nyleg arrangerte arrangementet Made in Bergen.
Eg blei gjort merksam på innlegget frå Lindeberg, ved at han hadde tagga meg saman med ei handfull andre i eit sosialt medium.
Eg har rolla som dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd, og eg tolkar det slik at Lindeberg ønskjer å anten opplyse meg og dei andre om samanhengene han skriv om, eller få fram eit tilsvar. Eg hiv meg difor på:
Torsdag 17. september deltok eg på nemnde Made in Bergen-arrangementet, dette sidan eg også er tilknytta ei av dei kreative næringane - film og tv. Kall det timing, men dagen etter stod eg på scena under Fabrikkendagane i Fabrikken næringsforening på Osøyro.
Dette arrangementet nemner ikkje Lindeberg i sitt innlegg. Foreininga hadde teke eit liknande heildagsinitiativ som i Bergen, og eg var invitert til å innleia seansen på morgonen: «Er kreative næringer investerbart? Møt investorer og selskaper som har fått det til».
I løpet av to timar vart eksempel frå film- og TV, spill, digital design, musikk og ulike teknologiar løfta fram. Min bodskap var knytt til min domenekunnskap om TV og film, og korleis denne næringa er finansiert og tiltrekk seg investorar.
Eg nytta høve til å fremja lokale filmselskap og -skaparar som DUOfilm, Sleazemania, Kieran Kolle og Kallevik & Rasmussen, då desse i det siste har satt Bjørnafjorden på kartet.
Vidare viste eg til funna frå Olsberg-rapporten, som har analysert ringverknadene av den norske filminsentivordninga. For kvar krone staten betaler ut i ordninga, kjem det 4,70 kr tilbake. Av desse utgjer 1,40 kr indirekte effektar, liknande dei Lindeberg nemner.
Filmproduksjonar avlar forbruk av tenester som overnatting, catering, sjåfør- og handverkstenester for å nemne noko.
Eg løfta fram ein idé om ei mogleg lokal insentivordning som kunne tiltrekke meir film- og TV-produksjon i Bjørnafjorden. Eg viste døme på korleis Voss og andre kommunar har kjøpt seg synlegheit gjennom TV-produksjonar, og brukar det i si destinasjonsbygging.
I framtida kan strategiske tilskot være starten på å tiltrekke meir seriøse investeringar, noko Finland har lukkast med. For ordens skuld, dette treng ikkje vera offentlege midlar – gjerne privat kapital.
Vidare viste Bjørnafjording Lene Notland Harnes korleis hennar utviklingsselskap Agens og deira dotterselskap Atlas Accelerator arbeider med investeringar i kreative næringar. Me fekk også høyre frå Jan Øystein Aksnes kva for ringverknader som dottera og artisten Aurora utløyser lokalt.
I sum viste alle presentasjonane og den tilhøyrande debatten at kulturuttrykk kan vere investerbart, og er med på å skape ringverknader.
Lindeberg viser til at det i budsjettprosessen i Bergen kommune ligg eit forslag om eit investeringsfond for kreative næringar. Over to år (2027 og 2028) er planen å tilføre til saman 10 millionar kroner til det nye investeringsfondet.
Bergen har ei lang historie med kreative investeringsfond. Mediefondet Zefyr, som Bergen kommune eig 50 prosent av, har investert i film, tv og spill for fleire hundre millionar kroner gjennom tjue år. Sidan 2010 har Bergen kommune sitt heileigde investeringsselskap Buzz gjort det same for musikknæringa.
Kva det nye investeringsfondet har som formål, er ikkje gjort klart, men det har ein risikoprofil og skal kunne bidra til å mobilisere kapital og styrke lokalt eigarskap. Nettopp det å mobilisere kapital var det som mitt innlegg gjekk djupare inn i.
Lindeberg viser til at det er vanskeleg å samanlikna med «Bjørnafjorden-tal». 5 millioner kroner årleg på Bergens budsjett tilsvarer litt under 17 kroner per innbyggjar, som igjen vil vera ca 460 000 kroner i Bjørnafjorden kommune.
Slik eg leser innlegget til Lindeberg, er hans løysing: «Bjørnafjorden har eit potensial, men då må vi satse meir strategisk på reiseliv.»
Skal forslaget til Bergen kommune sitt nye investeringsfond følgje modellen til sine øvrige fond, er det i hovudsak å låne pengar til ulike kreative prosjekt, med forventa tilbakebetaling og avkastning, eller investere i eigarpostar i kreative bedrifter. Det vil også truleg bety noko anna enn å satse strategisk på reiseliv, som innlegget hans oppmodar til.
Eg følgjer elles mange av dei øvrige konklusjonane og økosystemskildringa til Lindeberg, at kultur avlar næring i ulike ledd. Lindeberg nemner stort sett samanhenger knytt til oppmøtebaserte hendingar som framsyningar, konsertar, utstillingar eller festivalar, medan eg ønskjer her å vise at det óg ligg fleire dimensjonar som me er bevisste på.
Omgrepet kreative næringar dekker nemleg over eit breidt uttrykk innan kultur- og mediesektoren, og dessutan design og arkitektur.
Det er altså ikkje berre i Bergen at ein ønskjer å løfte fram næringspotensialet som ligg i det kreative.
Fabrikken-sesjonen er det ferskaste dømet.
I fjor arrangerte Bjørnafjorden næringsråd «Crafterwork» saman med medlemsbedriftene Loops og Postracer Productions med ønskje om å skape næringsutvikling på tvers av dei kreative. Prosjekt som blei presentert der, vann under filmfestivalen i Cannes i år.
Bjørnafjorden næringsråd tilbyr våre medlemmer direkteråd, og viser gjerne dei som sit med kapital om moglegheita til å investere i kreative næringar. Det å kople. Til dei som har forventingar om offentlege bidrag, må det være opp til politikarane om det er rom for å kanalisere ei form for såkornkapital som igjen kan få ein ball til å rulle.
Lindeberg møter altså ei temmeleg open dør frå Bjørnafjorden næringsråd si side på dette området. Han sit også sjølv med ei sterk definisjons- og mobiliseringsmakt i rollene sine som kultursenterdirektør og for reiselivet som styremedlem av Visit Bjørnafjord.
Det bør gje rom for å kome med gode, konkrete tiltak og verkemiddel framover – som inspirerer både i og vidare ut av Bjørnafjorden.
Kristian Bruarøy
Dagleg leiar i Bjørnafjorden næringsråd





