Fann kajakk på sjøen: – Det er ikkje iverksett redningsaksjon
– Det er ingen personar som er meldt sakna i samband med hendinga.

Klokka 13.45 fekk politiet melding om ein raud kajakk i sjøen ved Ytterøya.
– Det er ingen personar å sjå i samband med kajakken, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiloggen.
Kajakken skal vere tatt på land. Ytterøya ligg mellom Halhjem og Søre Øyane. Tysdag har det vore vindfullt store delar av dagen, med fleire vindkast.
– Det er ingen personar som er meldt sakna i samband med hendinga.
Kolltveit fortel at det ikkje er iverksett redning eller andre tiltak på sjøen som følge av dette.
Politiet ber folk ta kontakt om nokon saknar kajakken eller veit kven som eig han.





