Framtida til Osøyro er i spel (med kommentarar)
DEBATT: Knut Natvik sitt innlegg, med kommentar til to av punkta.

Knut Natvik sendte oss tidlegare i veka dette lesarinnlegget. Vi vurderte at to av punkta utløyser krav om samtidig imøtegåing, og kommunedirektør Arild McClellan Steine har fått sjanse til å kommentera desse. Utsegn som blir kommentert er merkte med *, Steine sine kommentarar med **.
Først, det opprinnelege innlegget av Natvik, med * på punkta som er kommentert av kommunedirektøren:
Det eg skriv her skriv eg berre på vegner av meg sjølv, ikkje som leiar av Foreininga Midtskogen vel eller som medlem av Arbeidarpartiet.
Eg skriv det fordi eg er særs uroa for framtida til Osøyro. Diverre ser eg eit mønster som uroar meg. Først kort litt om bakgrunnen min for å uttale meg om dette spørsmålet. Eg vart tilsett av Os Sentrumsforeining i 1997 og var deira første fullt betalte senterleiar og jobba i den stillinga i fire år fram til sumaren 2001.
Grunnen til at eg vart tilsett var at eg hadde gjort ein marknadsanalyse for Osøyro som drivarane på Osøyro hadde tru på. I denne analysen fann vi fram til mange gode tiltak for å styrka handelen i sentrum.
Nokre av desse tiltaka fekk vi til i min periode som senterleiar, andre er gjennomført seinare ved hjelp av dei som har styrt det meste av tida – Frp og Høgre. Eg nemner til dømes Giskavollen parkeringsanlegg.
Godt samarbeid i starten
Då Terje Søviknes vart ordførar første gong i 1999 fekk vi til eit godt samarbeid med kommunen. Gjorde du ein avtale med han, så held han denne. Vi fekk mellom anna Torget opp og gå, ein fin plass for folkeliv og tilstellingar.
Eg er og så ubeskjeden og seier at det var eg personleg som fekk trekt Elna og Per Grieg inn i arbeidet med å gjera Osøyro til ein betre stad å vera. Det var dei som etter forslag frå meg kosta utgiftene til opprusting av Kyrkjeflaten, og til å gå aktivt inn i Os kulturutvikling. Dei følgde dette seinare opp med å gje nesten 100 millionar til Oseana. Etter at Elna og Per er gått bort, vert arbeidet i Oseana framleis støtta av Griegstiftinga for å ta vare på kunstsamlinga deira.
Første tabben av Terje
Nokre år etter, då Øyrogata vart opprusta, vart det sett opp eit bygg på Torget kalla Hamnesjefen (Osroso, red mrk), utan at det vart nokon debatt om dette tiltaket. Bygget vart finansiert trur eg med pengar ordføraren/Os kommune hadde fått frå Hordaland fylke til sentrumsutvikling.
Ikkje noko gale om drivarane no, men eg trur dei fleste meinar at dette bygget aldri skulle vore der.
Resultatet er at den fine plassen som Torget var, ikkje lenger er noko byrom. Då hjelper det lite med det fine som blei til bakom Torget ved Baronsplassen. Desse to byromma kunne ha forsterka kvarandre, men slik blei det ikkje! Eg veit ikkje kva krefter som gjorde at ordføraren den gongen gjekk for Hamnesjefen, det må han svare for sjølv. Ein tabbe er det uansett og lokalt er det ikkje vanskeleg å få støtte i den påstanden.
No er det i ferd med å hende igjen, men i ein langt større målestokk.
Trass i at alle offentlege faginstansar går imot planane om høghotell på Mobergsneset, og trass i at kommunen ikkje er bunden av opsjonsavtalen den har gjort med utbyggjarane, så går ordføraren inn for dette prosjektet.
Alt er lagt til rett for frikjøp frå parkeringskrav
Det er også lagt til rette for at utbyggjarane kan kjøpe seg fri for delar av kravet til parkering. Det kan dei gjere fordi kommunen har planar om parkering i fjell. Alle veit at det ikkje er pengar til dette i dag, men det held med planar. Det blir då alt for lite parkering på Osøyro mellom anna fordi dei plassane ein har hatt mellombels på Hotelltomta, blir borte. Kommunedirektøren har sjølv berekna mangelen på opptil rundt 300 plassar når hotellet er oppe.
Parkering i fjellet vil tvinga seg fort fram
Blir hotellplanane gjennomført, vil det nye kommunestyret som blir vald om knapt eit år stå i ein tvangssituasjon. Skal Osøyro «overleva» må parkering i fjellet kome fort.
Korleis skal det finansierast?
Eg kan ikkje sjå for meg at kommunen har råd til å låne mange hundre millionar. I så fall må noko seljast. Det som blir opplagt å selja er den delen av Oseana som då alt er i ferd med å bli ein del av Høghotellet.
Det vert forhandla om Oseana*
Kommunedirektøren forhandlar no med utbyggjarane om Oseana. Så langt eg forstår så kjem det ikkje noko ut om desse forhandlingane. Styret i Oseana får seia kva dei meiner om det praktisk kring som samanbygging av Oseana med hotellet, men dei veit ikkje kva økonomisk kompensasjonar som det er tale.
Det er vel sjølvsagt at kommunen får slikt! Kommunen skal jo subsidiera høghotellet. Det er nok berre svært få som veit noko om dette!
Må kommunen selja delar av Oseana, så er dei i ein særs dårleg forhandlingsposisjon. Då blir prisen deretter, det veit dei fleste som har opplevd slikt. Eit sal vil sjølvsagt ikkje bli annonsert før det komande kommunevalet er over. Det handlar om taktikk og strategi.
** (kommentar frå Steine):
Kommunedirektøren forhandlar med Osøyro Eiendomsutvikling AS om avtaleverket knytt til samankoplinga mellom Oseana og hotellet, samt ein framtidig driftsavtale. Kommunedirektøren si forhandlingsfullmakt vart gitt av eit samla formannskap 1. februar 2024 og denne fullmakta set tydelege rammer for kommunen sin posisjon i forhandlingane (sjå vedlegg). Forhandlingane starta våren 2024. Det er eit forhandlingsutval på tre personar frå kommunen og ein person frå styret i Oseana som representerer Bjørnafjorden kommune i forhandlingane. Det siste halve året har det vore lite aktivitet i forhandlingane i påvente av ei eventuell godkjenning av reguleringsplanen. Formannskapet har fått jamleg oppdatering om status i forhandlingane, men av omsyn til kommunen sin forhandlingsposisjon har orienteringane blitt gitt i lukka møte. Det er venta at forhandlingane vil starta oppatt dersom kommunestyret vedtek reguleringsplanen. Også framforhandla avtalar skal godkjennast av kommunestyret og det vil skje så snart alt er klart og forhåpentlegvis lenge før hausten 2027.
Tenk nøye gjennom korleis de bind kommunen for framtida!
Som representant i kommunestyret har ein eit stort ansvar. Eg må seia at eg vart litt sjokkert då eg høyrde på siste debatten i Plan, bygg og miljø, då hotellplanane var oppe til behandling for 2. gong.
*Det var tydeleg at mange ikkje kjente innhaldet i opsjonsavtalen med utbyggjarane. Avtalen er no offentleg og det har stått om den i pressa i vår. Heldigvis bad ein av representantane om at avtalen skal leggast ved sakspapira til kommunestyret.
Vert ikkje dette lagt ved, kan eg opplysa om at det er ein særs dårleg avtale for kommunen kva gjeld pengar. Bjørnefjorden kommune subsidierar i så fall eit milliardprosjekt som kan stå på eigne bein.
** (kommentar frå Steine):
Om ein avtale er god eller dårleg er ei subjektiv vurdering. Opsjonsavtalen (sjå vedlegg) er ein avtale signert av to partar og for Bjørnafjorden kommune sin den så er den vedteken i kommunestyret med 27 røyster.
Natvik held fram:
Heldigvis kom der også positive utsegn på møtet om at ein vil studera saka nøye og ikkje binda seg alt no. Eg håpar og trur at ein tenkjer seg nøye om og ikkje bind kommunen enda tettare til sterke kommersielle krefter som ynskjer seg maksimal forteneste. Eg trur ærleg talt at dei ikkje tenkjer på kva som er best for Bjørnefjordingane!
Knut Natvik
tidlegare senterleiar for Osøyro





