Lokalt og på nett: Kva skjer i ungdomsmiljøet?
Forsking viser at barn si åtferd blir endra når vi vaksne endrar måten vi møter barnet på.

Kommunen inviterer til temakveld retta mot foreldre, trenarar, tanter, onklar, besteforeldre og alle andre som er i kontakt med ungdom.
Målet med kvelden er å gi kunnskap og konkrete verktøy knytt til barn og unge si åtferd, betydninga av grenser, relasjonar og støtte frå vaksne.
– Gjennom å justere omgivnadene og relasjonane rundt barnet aukar vi moglegheita for endring. Dette gjeld ved både små og store utfordringar. Forsking viser at barn si åtferd blir endra når vi vaksne endrar måten vi møter barnet på, skriv kommunen på si heimeside.
Det er sett av to kveldar. Først på Fusa ungdomsskule torsdag 19. november, så på Ung Arena ved Os ungdomsskule torsdag 26. november.
Gjennom kvelden vil det blir presentert tre tema.
- Kva skjer i ungdomsmiljøet, lokalt og på nett?
- Korleis bygge god relasjon til ungdommen?
- Kva treng ein sjølv som føresett?
Arrangementet er gratis, og er i regi av Familiens hus og SLT-koordinator i Bjørnafjorden kommune.





