Kultur | 30. mars 2019

Aurora tek finalen i Os

Avsluttar turneen heime i Oseana 20. desember - Ein perfekt måte å ta jul på, seier Berit Steen ved Oseana.

Aurora tek finalen i Os
I år kan du ta juleferie med Aurora - Fredag 20.desember avsluttar ho turneen heime i Os. Her frå konserten i Oseana i 2016. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighlørdag 30. mars 2019 11:21

Første gongen ho spelte i Oseana, i 2015, dukka det opp 500 publikummarar.

Då i ho returnerte i 2016 vart det utseld, og ny publikumsrekord i Oseana.

Sidan den gong har Drange-jenta sitt eventyr vakse seg endå større.

Debutalbummet, «All My Demons Greeting Me As A Friend», har meir enn 200 millionar strømmingar, og har selt meir enn 500.000 eksemplar.

Tre Spellemanns-prisar og ein NRK-sendt dokumentar, kor osingen Benjamin Langeland var ein aktiv del av produksjonen.

4000 billettar - og utseld to gongar i Oslo førre helg, før ho denne helga fyller USF Verftet to gongar.

Og sa vi noko om statusen ho har ute i verda elles? Nett no har ho 1.608.751 følgjarar på Spotify og 476.000 følgjarar på Instagram.

• Midtsiden samleside: Aurora

Turnéavslutning heime på Os

Hausten 2018 slapp Aurora «Infections Of A Different Kind - Step 1».

Plata, og spesielt førstesingelen «Queendom», hausta godord verda over.

Gjennom 2019 skal Aurora gjera 22 konsertar spredd ut over heile Noreg.

Og for å toppa det heile; finalen tek ho i Os og i Oseana.

Nøgd Steen og Lindeberg

Arrangementssjef Berit Steen og direktør ved Oseana, Ole Tobias Lindeberg, er sjølvsagt godt nøgd med bookinga dei no har landa;

– Eg såg henne seinast på USF Verftet på torsdag, fortel Lindeberg.

– Det er fantastisk at ho skal avslutta turneen heima i Oseana. Publikum kan gleda seg; ho utviklar seg som artist kvar gong eg høyrer henne. Ho er rågod og verkar superkomfortabel - det er kult og flott på same tid.

Steen tykkjer det er staseleg at managmentet sjølv har ønska at Oseana skulle vera èin av spelestadane for Aurora til hausten.

– Når alle er ferdige med skriving av julekort, mat og gåver er i hus, kan det vel ikkje bli ei betre før-jul i Os enn å samla seg saman med vener, kjende og sjølvaste Aurora.

– Dette er stas!

Billettsalet startar tysdag 2.april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.