Kultur | 22. juli 2021

Ausekarane har klappa til kai

Held to show i Os hamn i kveld.

Ausekarane har klappa til kai
Bjørn Jensen full i overskot etter 36 show på 21 dagar. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 22. juli 2021 13:42

Ausekarane kom i ettermiddag til kai i Os hamn med ferja MS «Sjøscenen».

Om bord er blant andre Bjørn Jensen, mens kompanjongen Tor Endresen slappar av på hytta på Ytterøy.

– Vi må kvila mens vi kan. Programmet har vore veldig tett, men svært kjekt, seier Endresen til Midtsiden.

– Det har ikkje dryppa noko støtte på denne turneen, så vi køyrer på med to show per stad. Då får vi spelt for mange sjølv om vi held ein viss pandemiavstand om bord.

Etter 36 show på 21 dagar blir det i kveld to konsertar mens ferja ligg til land i Os hamn.

Delar av Ausekarane på oppvarming på hytta til Tor i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Delar av Ausekarane på oppvarming på hytta til Tor i 2019. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Dethar vore fullt hus fleire stadar! Den første i Os er nesten utselt, den andre har vi selt over halvparten av billettane til, fortel Tor.

I tillegg spelte Ausekarane i Øyane tidlegare på turneen.

– Og de har overskot til å spela vidare?

– Du kan jo spørja Bjørn, han er om bord, seier Tor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.