Kultur | 03. juli 2021

– Trekk garnet, steng fjøset og vask skroget

Ausekarane har lagt ut på ein stor sommarturné. Søndag er første av tre stopp i Bjørnafjorden kommune.

– Trekk garnet, steng fjøset og vask skroget
Bjørn Jensen med ivrig ausing under «Ausedansen» i Os i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 03. juli 2021 07:58

I januar hadde vi Vinskvetten i Oseana, men det er ei stund sidan Ausekarane har lensa ferja i Os.

Sist var i 2019, og då sa tittelen på showet litt om situasjonen; «Ferjelaus og steik forbanna». Tor Endresen, Bjørn Jensen og resten av Ausekarane har no fått skuta klar.

– Trekk garnet, steng fjøset, vask skroget og kom på ferjo te song og løye med karane etter ei trasig tid, inviterer Ausekarane.

Torsdag starta den lange sommarturneen på ferja MS «Sjøscenen» med konsert på Brattholmen. Der spelte dei i går òg.

I kveld står Bakkasund for tur, søndag legg ferja til land på Vedholmen kai for å halda show i Øyane.

Bildeserie og video frå showet i 2016:

Les ògSalmar, kollekt og rikeleg med banning

Ausekarane går vidare til Eikelandsosen måndag, så skal dei både sør, nord og aust (Vaksdal) før dei er tilbake til Os hamn torsdag 22. juli og Våge 23. juli.

Ausekarane består av:
Tor Endresen
Bjørn Jensen
Espen Vågstøl
Tore Mæhle
Jan Arne Knutsen
Svein Tore Hindenes

Hindenes bur i Strøno, Endresen har hytte på Ytterøy. Før førre show, i 2019, besøkte vi nokre av Ausekarane på hytta til Tor.

Han fortel at fleire låtar blir forma i løpet av kjekke kveldar ved sjød'n.

Les ògSkriv hit på hit i skjergarden i Os

Tittelen på årets show er «Fini Bikini».

Låten er spelt over 1,3 millionar gongar på Spotify, mens «Ausedansen» framleis er bestseljaren med nesten 5,7 millionar avspelingar.

Men visste du at svenskane har sin eigen «Fin i Bikini»?

Den kom etter den norske, men har fleire avspelingar på YouTube.

Kan den ha henta inspirasjon frå Vestlandet? Sjå sjølv (originalen nedst):

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.