Kultur | 09. juni 2011

Avduka Bendiksen

Vidar Bratlund Mæland sin skulptur av Arne Bendiksen blei i dag avduka i Bergen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juni 2011 20:44

Den kjente musikaren Arne Bendiksen (1926 - 2009) har hamna på sokkel i Solheimsgaten, gata han vaks opp i.

Under ein fin seremoni torsdag var det avduking av bronseskulpturen som osingen Vidar Bratlund Mæland har laga.

– Eg fekk oppdraget i fjor sommar og skulpturen var ferdig støypt rundt årsskiftet, fortel Vidar.

Walter Olsen var eldsjela bak det å få ein skulptur av Arne Bendiksen, Rieberfondet og Bergen kommune er blant dei som har finansiert den.

Godkjent

Kunstnaren var sjølv med på avdukinga.

– Der var også kona til Arne, ungar og barnebarn. Dei hadde ikkje sett skulpturen før, så eg var spent på tilbakemeldingane. Familien sa heldigvis at dei likte resultatet.

Arne Joachim Bendiksen var blant anna medlem av The Monn Keys, han deltok fleire gongar i Melodi Grand Prix og han sørgja for lansering av artistar som Hanne Krogh og Wenche Myhre. Les meir om Bendiksen på Wikipedia.

Kystkvinne til Sotra

Sjølv om det nærmar seg skulptursymposium og travle dagar for Vidar og Arne Mæland, har junior Mæland nok ei tung levering før sommaren set inn.

– Eg har laga ei fullformat kystkvinne for Fjell kommune. Denne skal avdukast i Haganes park, i tilknyting til eit galleri like ved, om eit par veker.

Avduking i Oseana

Pappa Arne skal ha avduking allereie neste veke. Ein fiolinist i bronse, gjeven av Rieber-familien til Os kommune, skal avdukast i Oseana på opningsdagen fredag 17. juni.

Skulptursymposiet i Os startar 26. juni og varer til 9. juli.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.