Næringsliv | 27. juli 2018

Avgjerande haust for Borg Vêr

Jeanett har fått tidspress på seg etter sal av Tønjum-etasjen.

Avgjerande haust for Borg Vêr
Jeanett Borgen Kallekleiv framfor lokalet ho har drive i sidan oktober 2016. Kontrakten varer til august neste år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. juli 2018 10:09

Måndag fortalte vi at Coop vil utvida frå Prix til Extra i Os sentrum. Eigar av Midtpunkt, der Coop leiger, har kjøpt førsteetasje i nabobygget, Tønjumgården, som ligg an til å bli aktuelt lokale for utviding av daglegvarebutikken.

Der er Jeanett Borgen Kallekleiv sin butikk, Borg Vêr, leigetakar.

– Eg har fått mange meldingar med spørsmål, og alle som er innom butikken spør kva eg skal gjera no. Men eg har ikkje svar, fortel Jeanett.

– Det som er kjekt å høyra er at alle kundane seier eg MÅ finna ein ny stad, at dei vil sakna butikken om han forsvinn.

Kan bli kostbart

Jeanett var nesten fylt 24 år då ho i oktober 2016 opna butikken oppkalla etter bestemora sitt mellomnamn, men gründaren hadde allereie 10 år med erfaring frå sport- og tekstilbransjen. Heile familien hjelpte til med å innreia butikken, som òg i vår fekk ei oppussing med nye veggar og nye strøk med maling.

– Vi har brukt mykje ressursar på å få butikken sånn den er i dag, i tillegg har det tatt tid å etablera både drifta og ein posisjon i marknaden.

– Eg er ikkje ei som liker å klaga, men eg må innrømma at eg ikkje har lyst å flytta, og eg fryktar at det kan bli kostbart å bygga opp ein ny butikk. Om eg finn nytt lokale.

Flytta eller legga ned?

Det ho liker best med dagens plassering er gode parkeringsforhold utanfor butikken, nærleik til Post i butikk hos Coop og bra med turgåarar og andre som spaserer forbi.

– Lokalet eg har i dag er 130 kvadratmeter stort. Eg klarer meg med 100 til 130 kvadratmeter, men det er ikkje berre arealet som betyr noko.

Jakta på nytt lokale kan bli krevjande.

– Det kostar å bygga opp ein butikk. Om ikkje eg finn eit lokale eg sjølv har tru på, ein stad eg trur det kan drivast godt, kan alternativet bli å legga ned.

– Om eg finn ein ny plass vurderer eg òg å få nokon med meg både på eigarsida og i drifta, i det lange løp trur eg det hadde vore både positivt for butikken og kjekkare som eigar å ikkje vera åleine om alle avgjerder.

Tar utfordringa på strak arm

Parallelt med jakt på nytt lokale må Jeanett vurdera om, og eventuelt kven, ho vil ha med seg vidare. Samtidig, om det endar med at ho legg ned, kva jobb skal ho søkja. I tillegg er det knytt noko uvisse til kva frist ho har på seg.

– Eg har leigekontrakt til august 2019. Ny huseigar seier han har teikna kontrakt med Coop frå januar 2019, men eg held meg til den kontrakten eg har.

– Du føler deg likevel litt pressa til å få opp farten, om andre står og trippar og vil overta.

Huseigar Sverre Olsen seier Kallekleiv ikkje treng å føla seg pressa.

– Om ho ønskjer kan ho bli verande til august neste år, det er areal i bakkant av klesbutikken som Coop kan byrja på før den tid.

– Vi kan òg tilby ho eit lokale i motsett ende av kvartalet, vis a vis Nordisk Rom, men dette har ho førebels slått frå seg.

Kallekleiv fekk tilbod av Tønjum å kjøpa før Olsen slo til. Dette såg ho på som for stort prosjekt. Ein månad eller to seinare kom beskjeden om at ny huseigar vil ha andre inn i lokalet.

– Situasjonen er ikkje ideell, men eg tar det med eit smil og gler meg til nye utfordringar, uansett kva retning dette tar! Eg skal jakta på både nytt lokale og vurdera andre alternativ fortløpande. Det blir uansett ein spennande haust!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.