Jakt, fiske og natur | 13. sep. 2022

Avliva hjort - fann kule frå luftgevær i kjøtet

Vurderer å melda saka til politiet.

Avliva hjort - fann kule frå luftgevær i kjøtet
Då denne bukken blei tam og nærgåande, fatta landbrukskontoret vedtak om felling. (Foto: Paul-Kristian Haldorsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. sep. 2022 07:59

Ein hjort som vandra i nokre nabolag i Søre Øyane på seinsommaren, førte til fleire bekymringstelefonar til politi og viltkontakt.

Hjorten let seg ikkje jaga vekk, den flytta seg ikkje frå vegen då skuleungar kom gåande og folk frykta at den skulle skada andre eller seg sjølv.

– Landbrukskontoret fatta vedtak om at bukken kunne fellast så snart hjortejakta byrja, fortel viltkontakt Espen Krüger Andersen.

Andersen fekk ein lokal jeger til å utføra oppdraget for seg. Hjorten blei felt 3. september.

– Kommunen kunne tatt kjøtet, men hadde ikkje system til å ta imot, så dei spurde eit jaktlag med tilstøtande terreng (det er ikkje hjortejakt i Øyane) om dei ville ta det på si kvote, noko dei takka ja til.

Det var då jaktlaget gjorde opp dyret, at dei fann ei luftgeværkule.

Bildeserie:

– Skuffande, synest Haldorsen om beviset på at nokon har skote på hjorten med luftgevær. (Foto: Privat)
– Skuffande, synest Haldorsen om beviset på at nokon har skote på hjorten med luftgevær. (Foto: Privat)
Hjorten hadde vikla ein bossekk over geviret mens han vandra i nabolaget, og hadde framleis denne over hovudet då den blei felt. (Foto: Paul-Kristian Haldorsen)
Hjorten hadde vikla ein bossekk over geviret mens han vandra i nabolaget, og hadde framleis denne over hovudet då den blei felt. (Foto: Paul-Kristian Haldorsen)
1 av 2

– Dei gav tilbakemelding til meg, og eg varsla vidare til Andersen, fortel jeger Paul-Kristian Haldorsen.

Andersen reagerer på funnet.

– All jakt med luftvåpen er forbode, og det å skyta på ein hjort med luftvåpen er rein dyrplageri.

Det blei funne berre éi kule i kjøtet, men det skal noko til for at ei kule frå eit luftvåpen går gjennom skinnet på ein hjort, og viltkontakten ser ikkje vekk frå at den kan ha vore påført fleire skot.

– Éin ting er smerta i sjølve skotet, ein annan ting er at det kan gå infeksjon og makk i såret. Om ikkje denne bukken hadde blitt avliva, noko den blei av andre årsaker, kunne den fått ein lang periode med sår og smerte for dyret.

Viltkontakt vurderer sterkt å melda funnet til politiet.

Jeger og viltkontakt veit ikkje om det er vaksne, born eller ungdom som står bak, men oppmodar folk med luftvåpen i hus å ta ein alvorsprat med dei som bruker våpenet - og understreka at dette utelukkande skal brukast til øving på blink.

Lovdata.no: § 15. Våpen under jakt og felling
Under ordinær jakt og felling kan det bare brukes rifle og haglevåpen med ladning av krutt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.