Politi | 21. juni 2022

Båt meldt stolen

Politiet er interessert i tips.

Båt meldt stolen
Ved observasjon av denne båten ber politiet deg ta kontakt. (Foto: Privat/politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. juni 2022 07:06

Måndag litt før klokka 22 fekk politiet melding om tjuveri av båt.

– Båten låg fortøydd på Balandsneset før den forsvann, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Tjuveriet blir meldt.

– Om båten blir observert ber vi publikum ta kontakt snarast.

Båten er av typen Sting 530 og har ein påhengsmotor av merket Evinrude. Det er ikkje oppgitt storleik på motoren, eller kva dato båten sist var observert.

– Eigar er på ferie. Eit familiemedlem har rapportert at båten ikkje ligg der den skal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.