Tatt på fersken for tjuveri
Fleire ungdomar er meldt til politiet.

Onsdag i 16.30-tida blei politiet kontakta av leiinga i ein butikk i Os sentrum.
– Nokre ungdomar var tatt for tjuveri, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Butikken det gjeld skal etter det Midtsiden kjenner til vera snakk om Coop Extra.
– Forholdet blir meldt.
På kvelden i går, i 21-tida, hadde politiet laserkontroll på Byvegen ved Er-An.
– Der var det ikkje noko å reagera på.
Rundt midnatt stoppa politiet ein bil med fleire tekniske feil. Førar fekk pålegg om å utbedra desse.
– Førar risikerer både å bli meldt og å bli ilagt bruksforbud om han ikkje ordnar feila.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.