Ber tilreisande testa seg
Kommunen følgjer situasjonen på Austlandet tett.
I dag kom regjeringa med dei strengaste tiltaka sidan 12. mars for Oslo-regionen. Ti kommunar, inkludert Nordre Follo, er ramma av mutert koronavirus.
No blir alle butikkar, med unntak av apotek, daglegvare og bensinstasjonar, stengte. Barnehagar, barneskular og ungdomsskular går i raudt nivå.
Også Bjørnafjorden kommune har hatt smittetilfelle av mutert koronavirus, men vedkomande testa seg tidleg og smitte berre to nærkontaktar.
– Dette var i samband med innreise av familie frå Storbritannia. Innreise frå Austlandet må vi òg ta på alvor, seier ordførar Trine Lindborg (Ap) til Midtsiden.
– Vi følgjer nøye med på situasjonen, og ønskjer å minna innbyggarane i Bjørnafjorden på å halda seg heime om dei er sjuke, og å ikkje nøla med å testa seg.
– Vi vil òg oppmoda tilreisande frå dei aktuelle kommunane om å testa seg.
Dette er dei ti kommunane: Oslo, Enebakk, Ås, Vestby, Nesodden, Indre Østfold, Moss, Frogn og Våler, i tillegg til Nordre Follo. Dette utgjer ifølgje VG nærmare 1 million innbyggarar.
Kan snu fort
Kommunen informerer om bestilling av test i ei fersk melding på eigne nettsider laurdag kveld.
Kommunen kan ikkje krevja at tilreisande testar seg, men håper både innbyggarane i Bjørnafjorden og gjestar som kjem på besøk held fram med å vera flinke.
– Eg forstår at mange er leie dei ulike tiltaka, men det betyr mykje å vera flinke ei stund til. Vi veit kor mykje det rammar både næringsliv og barn og unge når reglane blir skjerpa.
Fredag hadde vi den tiande dagen på rad utan nye smittetilfelle i Bjørnafjorden kommune.
– Situasjonen i Nordre Follo er eit eksempel på kor fort det kan snu, seier Lindborg.