Lokal | 19. jan. 2021

Smitta i starten av januar hadde mutert versjon

Mann i 50-åra hadde engelsk virusvariant.

Smitta i starten av januar hadde mutert versjon
Klaus Melf, her under pressekonferansen 5. januar, seier det ikkje er grunn til å tru at mutert versjon har spreidd seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. jan. 2021 07:49

Tysdag 5. januar opplyste Bjørnafjorden kommune og rekordmange 8 nye smittetilfelle på éin dag, 4. januar.

Ordførar Trine Lindborg og kommuneoverlege Klaus Melf inviterte til pressekonferanse (sjå video), og Melf fortalte om minst eitt smittetilfelle til 5. januar.

På spørsmål om nokre av dei nye smitta hadde mutert versjon av koronaviruset, svarte Melf at det foreløpig ikkje var teikn på det, men at nokre prøvar var sendte til vidare analyse.

No viser det seg at éin av dei første smitta i januar hadde mutert versjon.

Vedkomande, ein mann i 50-åra, testa seg i samband med nærkontakt med ein person som kom frå Storbritannia til Noreg. Prøven blei derfor sendt til Folkehelseinstituttet for analyse.

Smitta to, men neppe fleire

Den engelske virusvarianten, som FHI kallar han, er rekna som meir smittsam enn det opphavelege viruset, men skal ikkje gi auka fare for alvorleg sjukdom.

Mannen smitta to nærkontaktar i Bjørnafjorden kommune, som begge er blant dei åtte positive tilfella kommunen melde om 4. januar.

– Desse to nærkontaktane har heilt sikkert òg hatt denne virusvarianten, men berre prøven til mannen i 50-åra blei sendt til mutasjonsanalyse, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– Vi har testa alle nærkontaktar til smittetilfelle påvist 4. januar. Alle testar er negative, inkludert kontrollprøvene vi fekk svar på i går kveld. Vi har difor ingen grunn til å tru at den muterte virusvarianten har spreidd seg vidare frå desse tilfella.

Kommunen frykta i starten på januar ei større smittebølge, slik vi såg i november, men det heile roa seg.

Vi har til no 17 smitta i 2021, minst 12 av desse i samband med innreise.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.