Politi | 30. nov. 2021

La seg så flat at han ikkje mista lappen

Sladda mens politiet såg på.

La seg så flat at han ikkje mista lappen
Industrivegen i 22-tida i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 30. nov. 2021 09:23

Måndag klokka 14.14 blei ein ung bilist stoppa i Industrivegen.

Dette var før snøen kom, patruljen reagerte på farten på bilen.

– Politiet hadde ikkje fartsmåling. Bilførar, ein gut i tenåra, fekk ei åtvaring, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Sladda på Skeie

I 16-tida byrja det å snø, og i 22-tida var patruljen på Nore Neset.

I rundkøyringa i Skeismyra kom ein bil sladdande.

– Bilførar, ein mann i starten på 20-åra, erkjente forholdet, la seg langflat og beklagde. Han slapp unna med ei streng åtvaring, fortel Lyssand.

Bilen ser ut til å ha køyrd beint fram i krysset mellom Prestegardsskogen og Banktjørnhaugen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògUtforkøyring i Prestegardsskogen

Politiet har elles ikkje fått inn melding om nokre uhell på glatten, utanom utforkøyringa i Prestegardsskogen tysdag morgon.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.