Politi | 26. mai 2022

Bilbrann og utforkøyring etter nestenkollisjon

Politiet oppretta sak på begge forholda.

(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 26. mai 2022 07:25

Etter utforkøyring på Ole Bulls veg onsdag ettermiddag, kom ei ny utforkøyring på Ulvenvegen.

Bilen hamna utfor vegen og eit stykke ned i ein skråning. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògUskadd etter utforkøyring

Utforkøyringa skal ha skjedd i samband med ein nesten-kollisjon i 18.30-tida.

– To køyretøy var involvert, det eine hamna utfor vegen. Det var ingen personskade og mindre materielle skadar på bilen, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet mistenker at ein av bilførarane hadde promille. Det er tatt beslag i førarkortet til vedkomande, ein mann i 50-åra, og oppretta sak.

Uhellet skjedde i eller nær rundkøyringa nær Ulvenparken.

Sløkte bilbrann sjølv

I 23-tida onsdag fekk politiet melding om brann i ein bil aust for Os sentrum.

Meldar fortalde til brannvesenet at vedkomande hadde sløkt brannen sjølv. Politiet har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.