Meining | 09. apr. 2021

Bjørnafjorden SP kjempar for indre trasé E39

Lat det vera klinkande klårt: Bjørnafjorden Senterparti er mot bru over Bjørnafjorden!

Cruiseskipet MS «Symphony of the Seas» og «Deepsea Atlantic». «Deepsea Atlantic» har låge 6 veker i Bjørnafjorden. (Foto: Bjørnafjorden SP)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandfredag 09. apr. 2021 11:13

Det er etter fylkesutvalet si uttale til komitehøyring av Nasjonal transportplan 2022 – 2033 av 7. april 2021, viktig for oss i Bjørnafjorden SP å presisere vårt syn i saka, uttalar Bjørnafjorden Senterparti.

Me meiner:

  • Ei bru vil gjeve store øydeleggingar av natur, særskild Øyane i Os og regnskog på Tysnes.
  • Ei bru er eit risikoprosjekt med uprøvd teknologi i røft vêr, urealistisk stipulering av trafikkvekst og ukjend sluttsum.
  • Ei bru gjev minst ein ekstra kostnad på 7 milliardar i forhold til indre trasé, dette kan betre nyttast E16 og Hordalandsdiagonalen. (Nye Veier AS)
  • Ei bru blokkerer skip frå å nå den internasjonale containerhamn ved Venjaneset og industriområde ved Samnøy.
  • Ei bru blokkerer plattformer, riggar og skip frå å nå Bergen Havn sitt oppankringsområde på Strandvikflaket.
  • Ei bru blokkerer for internasjonale militærøvingar i ein av Noregs største innlands fjordar.
  • Indre trasé vil kunne realiserast like raskt som ei bru.
  • Indre trasé vil skape synergiar og vekst i større delar av Vestland.
  • Indre trasé vil i samanknyting med Hordalandsdiagonalen redusere trafikk gjennom Bergen sentrum, samt korte ned reisetida til austlandet.

Bjørnafjorden SP kjempar vidare for realisering av ferjefri E39 over indre trasé.

Bjørnafjorden Senterparti
Dina Lervåg, leiar
Terje Sperrevik, gruppeleiar
Peter-Hans de Zwarte
Helge Andersen
Sjur Lepsøy
Herborg Nordtveit
Gitle Berland
Hege Tysnes


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.