BKK skifta namn i dag

BKK blir til BKK og Eviny.

Med nye namn og sjefar frå Os er BKK og Eviny godt skodd for framtida. (Foto: BKK)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. sep. 2021 13:51

Pressemelding:

Fornybarselskapet BKK blir delt opp i to merkevarer. Nettselskapet skal framleis heita BKK, medan resten av konsernet skiftar namn til Eviny.

Eviny har ambisjon om å bli leiande på elektrifisering i Noreg, og planlegg også satsing i utlandet.

Fordi nettselskapa har monopol på å driva straumnett i sine regionar, har NVE pålagt energibransjen å gjera eit merkevareskilje mellom nettselskap og den kommersielle delen av eit energikonsern innan årsskiftet.

For å etterkoma pålegget frå styresmaktene skapar BKK no ei ny merkevare for den kommersielle delen av konsernet, medan nettselskapet framleis skal heita BKK. Styret har tilrådd at generalforsamlinga i BKK AS vedtar namneendringa i slutten av september.

Store ambisjonar

– I meir enn hundre år har BKK laga fornybar energi av vestlandsregnet. Med BKK i spissen er Vestland det største kraftfylket i Noreg, og vi fører an i elektrifiseringa av Noreg, seier konsernsjef Jannicke Hilland.

– Men klimakrisa gjer at vi må gjera mykje meir, mykje fortare. Eviny skal skapa optimisme, nye moglegheiter, nye verdiar og nye arbeidsplassar. På den måten skal vi vera eit fyrtårn i det grøne skiftet. Ikkje berre i vår region, men i heile Noreg. På sikt skal Eviny også bli ein internasjonal aktør. Vi jobbar med spennande planar som vi gler oss til å lansera seinare.

Eviny vil spenna over eit breitt spekter av tenester - frå vasskraftproduksjon, solenergi, lading for elbil og elbåt, landstraum for skip, mobil energi, fjernvarme og kjøling, entreprenørverksemd og fiberteknologi til nye planar om havvind i Nordsjøen og hydrogenproduksjon.

Kombinerer historie og innovasjon

Det nye namnet er skapt av ein BKK-medarbeidar som jobbar med vasskraft. Forslagsstillaren kombinerte den evige, fornybare vasskraftproduksjonen med innovasjonen som blir skapt i BKK i dag.

Dermed vart namnet Eviny. Før årsskiftet skal alt vera på plass og merkevareskiljet gjennomført.

Den delen av konsernet som skiftar namn til Eviny har meir enn 700 tilsette, verksemd over heile Noreg, og eig mellom anna 38 kraftverk.

Kostnadene med å skifta namn og logo på bilar, bygg, ladestasjonar, arbeidsklede og digitale flater er rekna til mellom 40 og 50 millionar kroner.

Eit av dei største nettselskapa i landet

BKK Nett er nettselskap for 260 000 kundar i Sunnfjord, Ytre Sogn, Bergensregionen og Sunnhordland. Nettselskapet har over 600 tilsette i heile regionen.

– Vi er stolte over at vi skal vidareføra BKK-namnet. Folk i regionen vil framleis møta vårt dyktige mannskap og våre BKK-bilar langs vegane medan vi jobbar med å vedlikehalda eit av dei mest stabile straumnetta i landet, seier administrerande direktør Ketil Tømmernes i BKK Nett.

– Straumnettet er kanskje den viktigaste infrastrukturen vi har for at samfunnet skal fungera. Vi er eit av dei største nettselskapa i Noreg, med 22 000 kilometer med straumnett som skal haldast ved like og byggjast ut. Overgangen til nullutsleppssamfunnet gjer at vi står framfor store oppgåver, og det er planlagt ei stor kapasitetsutviding i det sentrale straumnettet inn til regionen vår.

Alt som før for kundane

Merkevareskiljet er i dei fleste andre norske energikonsern løyst ved at nettselskapet har skifta namn.

BKK Nett meiner det er mange fordelar med at det er den kommersielle delen av konsernet, og ikkje nettselskapet, som gjennomfører namneskiftet som styresmaktene krev.

– Våre nettkundar treng ikkje gjera noko som helst som følgje av dette merkevareskiljet, alt vil vera som før.

– Fordi nettselskapet slepp å skifta namn, sparar vi også nettkundane for kostnadene med utskifting av namn og logo på nettselskapet sine bilar, bygg og arbeidsklede. Nettleiga blir derfor ikkje påverka av merkevareskiljet, seier Ketil Tømmernes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.