Bjørnafjorden kommune | 21. sep. 2022

Blir verande i Bjørnafjorden

Fotland har trekt søknaden i Arendal.

Kommunedirektør Christian Fredrik Fotland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 21. sep. 2022 06:40

Kommunedirektør i Bjørnafjorden, Christian Fredrik Fotland, var blant søkjarane til stillinga som kommunedirektør i Arendal.

Dette var omtalt av NRK Sørlandet, ei sak Os & Fusaposten viste til, i slutten av august.

Fotland har likevel bestemt seg for å bli verande her.

– Eg har i dag meldt til ordføraren i Arendal at eg trekk søknaden min som kommunedirektør der, opplyser Fotland i ein epost til redaksjonen.

Han har tidlegare i dag også informert kollegaene sine i eit notat på «innsio», sida for internt nytt for tilsette på kommunen si heimeside.

– Prosessen i Arendal har vore spennande og lærerik. Etter ei totalvurdering har eg bestemt meg for å trekka søknaden, eg ønskjer å bli verande for å jobba vidare med å skapa gode kvardagsliv for alle innbyggarane i Bjørnafjorden kommune.

Fotland tok over etter Knut Terje Rekve då eit samrøystes kommunestyre i desember 2015 gjekk inn for å tilby han jobben.

Han hadde då, frå 2005, snudd minus til pluss i den gong Radøy kommune.

Christian Fotland er nytilsett rådmann i Os. (Foto: Tilsendt/KVB)
Les òg– Utruleg glad for å få jobben

– Bjørnafjorden kommune har store utviklingsmoglegheiter både for næring, bustad og tenesteutvikling. Dette kjem til å bli veldig spennande i åra som kjem, og noko eg ønskjer å vere ein del av.

– Eg ser fram til å samarbeide med både tilsette, politikarar og innbyggarar dei neste åra, avsluttar Fotland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.