Kultur | 26. aug. 2021

Bondens Dag: Skal kåra bygdas beste bærprodukt

Arrangementet blir nedskalert, men inneheld likevel både konkurranse og utstillarar.

Bondens Dag: Skal kåra bygdas beste bærprodukt
Christoffer Kobbeltvedt tar imot bidrag til bærkonkurransen fram til fredag. (Foto: Ørjan Håland)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 26. aug. 2021 05:35

Bondens Dag blir i år litt annleis enn slik vi kjenner den frå tida før Covid. All aktivitet vil foregå i sentrumskjerna og det blir diverre ikkje dyr på Kyrkjeflaten, slik det plar vera.

– Det har vore mykje dialog med kommuneoverlegane i Bjørnafjorden kommune den siste tida. Smittesituasjonen er diverre ganske uoversiktleg samanlikna med tidlegare, så vi må nedskalera arrangementet noko, seier Christoffer Kobbeltvedt frå Fjordfolk.

På vegne av Os Sentrumsforening samarbeider Fjordfolk med bondelaget om likevel å gjennomføra.

– Det blir ikkje gardsdyr på Kyrkjeflaten eller stenging av biltrafikk i sentrum, men det blir nokre utstillarar å besøka likevel.

Bondens Dag pre Covid. Sånn blir det ikkje i år heller.
Bondens Dag pre Covid. Sånn blir det ikkje i år heller.

Mykje å smaka på

Utstillarane byr på fisk, barneklede frå Fern Studiosom vanleg på mat.

– Det blir jo mykje godt frå lokale produsentar, kor du kan både smaka og handla. Og Bondelaget kjem med sine eigne innslag med plantekassar og diverse gøy.

– Vi kan i tillegg nemna at Tveitakjerringa frå Tysnes kjem med ostane sine, Evas mat med diverse oljer og oliven, Siw Raw stiller ut og Fiskebilen, som vanlegvis står på Essoen, tar turen inn i sentrum med blant anna varme og ferske fiskekaker, seier Kobbeltvedt.

Studio Fern, som sel berekraftige babyklede, er også blant utstillarane.

Siw Raw er både utstillar med eigne produkt og jurymedlem i bærkåringa.
Siw Raw er både utstillar med eigne produkt og jurymedlem i bærkåringa.

Kåring av Bjørnafjordens beste bærprodukt

I løpet av dagen vil nokre lokale kokkar og matentusiastar bli utfordra på lokale smakar.

– Vi ønskjer å slå eit slag for lokale råvarer, og lanserer i år ein smakskonkurranse kor vi vil kåra Bjørnafjordens beste bærprodukt, seier Kobbeltvedt.

– Vi kjem til å arrangera ein liten blindtest kor lokale kokkar og matprodusentar skal kåra Bjørnafjordens beste bærprodukt.

Juryen består av Lukasz Brekke, Siw Bugge Gjerdevik Kolstad, Jeanne Monclair Bolstad, Børge Brekke og Bjørnar Alvsvåg Folgerø.

Det har allereie kome inn ein del bærprodukt til konkurransen.
Det har allereie kome inn ein del bærprodukt til konkurransen.

Alle som ønskjer å delta kan levera bidrag til Fjordfolk i Gründerparken på dagtid eller til Dyrebutikken Max fram til klokka 20 (kvardagar).

Siste frist for innlevering er fredag 27. august. Alle bidrag må merkast med type produkt (eks «bringebærsyltetøy») og namn.

Gode prisar, sol og varme

Kobbeltvedt vel å sjå på dei positive faktorane denne helga.

– Det vil jo bli ein kjempedag! Sol og 20 gradar, flotte lokale tilbod og god stemning. Det er ingenting i vegen for at folk skal kunna kosa seg mykje i Os sentrum denne helga, avsluttar Kobbeltvedt.

Bondens Dag startar klokka 10 og held fram til klokka 15 førstkomande laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.