Lokal | 04. feb. 2020

Brann i båt som står på land

Politi og brannvesen er på veg til Lysefjorden.

Sånn ser brannen ut frå Buena. (Lesarbilde, foto: Konrad Kosiek)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. feb. 2020 09:42

Tysdag rundt klokka 10.35 rykte politi og brannvesen ut til Lysefjorden.

Samtidig fekk vi tilsendt eit bilde som viser kraftig røykutvikling frå eineigedom på Nesjaryggen.

– Vi har fått melding om brann i ein båt som står i ein hage, fortel vakthavande ved 110-sentralen til Midtsiden.

– Vi veit førebels ikkje kor omfattande brannen er, eller om det er fare for spreiing til bustad.

OPPDATERT kl 10.47: Det er ikkje fare for spreiing til bustad.

OPPDATERT kl 15.26: Mann funnen omkomen i den utbrente båten. Les meir her.

Svart røyk står opp frå båtbrannen på Nesjaryggen. (Foto: Mateusz Lewandowski)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.