Politi | 15. jan. 2022

Litt feilskodd - litt promille

Politiet stoppa to bilar på Søfteland i natt.

Litt feilskodd - litt promille
Politiet på E39 Byvegen på Søfteland. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. jan. 2022 10:11

Politiet kontrollerte to bilar på E39 Byvegen natt til laurdag.

O 03-tida stoppa dei ein bil som mangla baklys. Ein kort teknisk sjekk avslørte at bilen også mangla eit vinterdekk.

– Bilen hadde tre vinterdekk og eitt sommardekk. Bilførar fekk 1000 kroner i gebyr og pålegg om å fiksa baklyset, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

To timar seinare stoppa dei ein annan bil.

– Bilførar, ein mann i 50-åra, blåste til 0,2 i promille. Dette er lågpromille. Ein ny blåseprøve viste 0,0, så han fekk køyra vidare med ei åtvaring mot å køyra med alkohol i blodet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.