Handball | 28. apr. 2022

Då eldsjela Brit vann pris og 100.000 - blei det oppretta eit fond

Første utdeling blir i pausen på damelaget si serieavslutting i kveld.

Då eldsjela Brit vann pris og 100.000 - blei det oppretta eit fond
Brit Eirin Tungeland med prisen på Hamar i januar 2020. (Foto: Christina Forstrønen Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. apr. 2022 06:33

Os tar i kveld imot Bønes til siste kamp denne pandemiamputerte sesongen.

I pausen er første utdeling frå eit nytt fond; Brits Ildsjelfond.

Då Brit Eirin Tungeland, på idrettsgallaen i Hamar fekk tildelt prisen «årets ildsjel», vann ho samtidig 100.000 kroner til idrettslaget sitt, Os Turn Handball.

Fleire slengte seg med heiagjengen frå Os. (Privat foto)
Les ògVarm velkomst på Flesland

– Vi gledde oss stort over tildeling av prisen til Brit, og styret blei raskt einige om at desse pengane ikkje skulle gå til verken drakter eller dagleg drift, dei skal setja spor etter seg, seier dagleg leiar Christian Bugge.

Brits Ildsjelfond blei oppretta, og skal i åra som kjem føra til pengestøtte til to ungdomar i handballgruppa, ein gut og ei jente frå 13 til 16 år.

Årets mottakarar får 2.500 kroner kvar.

– Prisen skal gå til ungdom som utmerker seg som gode forbilde og gode medspelarar for både vener på laget, dommar, trenar og klubb, fortel Bugge.

– Brit er dessverre på reise i dag, og får ikkje delt ut prisen sjølv. Men ho er del av juryen saman med eit styremedlem, ein ungdomstrenar og underteikna, dagleg leiar.

Os - Bønes startar klokka 19. Utdelinga blir i pausen, altså i 19.30-tida.

Kampen ser på papiret ut til å bli krevjande for Os. Bønes står med 13-1-4 i sigrar, uavgjort og tap. Os har 6-0-8.

Men Os har allereie vunne. Dei vann nemleg bortekampen 33-34. Kveldens kamp er ein av dei som ikkje er teljande, sidan regionen har bestemt at det skal spelast halv serie etter pandemipausen i vinter. Berre første kamp er teljande.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.