Politi | 22. jan. 2022
Då førar sjekka GPS-en køyrde han seg fast i ei grøft
Hamna utfor E39 fredag formiddag.

Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. jan. 2022 12:14
Fredag i 10-tida fekk politiet melding om eit uhell på E39 nær Kuventræ.
– Bilen hadde køyrd seg fast i ei grøft, opplyser politiet i dag.
– Bilførar skulle sjekka GPS for å finna fram, men hadde sving ut på mjukare underlag enn venta. Han hjelp av ein medtrafikant, og det blei ikkje oppretta noko sak.
Natt til fredag, i 01-tida, fekk politiet klage på støy frå ein privat fest på Søre Neset.
Huseigar fekk beskjed om å dempa musikken og lukka vindauge, og gjorde som han fekk beskjed om.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.