Politi | 19. jan. 2022

Mindreårige jenter tatt for butikktjuveri

Begge blir meldt.

Mindreårige jenter tatt for butikktjuveri
Tjuveriet skjedde på Rema 1000. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. jan. 2022 07:10

Tysdag i 15-tida blei to mindreårige jenter tatt for tjuveri frå ein daglegvarebutikk.

– Jentene er i ungdomsskulealder, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Dei to jentene blir meldte for tjuveriet.

Fekk forelegg på Lepsøyvegen

Politiet målte tysdag kveld farten på ein bilist på Lepsøyvegen.

– Den blei målt til 60 km/t i 50-sona. Bilførar, ein mann i 30-åra, vedtok forelegg på 2.250 kroner.

Det blei, med knapp margin, ingen prikkar på førarkortet.

Ein annan bilførar i 30-åra blei kontrollert på Halhjemsvegen.

Vedkomande blei målt til 77 km/t i 70-sona, noko som også resulterte i 2.250 kroner i forelegg.

I tillegg blei han tatt for å ha passert stopp-skilt utan å ha stoppa heilt opp.

Avskilta to bilar

I 11.30-tida i går blei ein bil parkert i Lepsøy-området avskilta.

– Bilen er selt, men ikkje omregistrert. Det blei lagt ein lapp med informasjon på bilruta.

Litt før klokka 23 tysdag kveld blei ein bil stoppa i Os sentrum. Bilen var ikkje forsikra, og blei avskilta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.