Då har Tholo fått ut treet

Denne gong på rim.

Øystein Reiertsen Tholo har fått jula ut av huset. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. jan. 2022 21:19

Øystein Reiertsen Tholo har skrive morosame tekstar på Facebook før.

Som då han i 2012 kom med refleksjonar om klaging på brøyting, og då han i februar i fjor (2021) to ein tur på andre sida av fjorden midt i tett smittetrykk.

Sistnemnde var på rim. Då han no rydda ut jula, blei det også nokre vers.

Vi har fått lov å gjengi det ferske stevet av Tholo:

Å få julatreet ut e goa greie
Langt uti juni med barnåler alle faens veie

So lei av julamusikk at eg nesten grein
Chris Rea har snudd bilen og e på vei til sin andre heim

Eg håpa Maria Mena fekk haik i år
Ho var observert på vei tilbake i går

Magen e sprengt og potensiell granat
No skal eg leva på kun salat

Men jula var fin og da mesta var kjekt
No e da kvardag med badevekt

Vi rundar av med favorittavsnittet frå intervjuet i 2012 (les heile i relaterte saker under):

Skråblikk på nyhende, episodar frå dagleglivet eller ting han har ramla borti som brøytebil-sjåfør treff så godt at folk ler så dei ikkje klarar å lesa seg ferdige.

Som då han på brøyteoppdrag i Hardanger i helga møtte ein som klagde på at han brøytte om natta, det bråkte sånn at vedkomande ikkje fekk sova.

«Må eg ringa sjefen min og spørja han om dette», spørte Øystein, som nyleg, etter 20 år med langt år, har klipt seg kort.

«E da han langhåra galningen i den raude traktoren som var her i fjor? Då trur eg du skal la ver! Han e ikkje god på ein flekk» fekk Øystein til svar, frå ein som ikkje forsto at det nettopp var Øysten/sjefen, den langhåra galningen som var der i fjor, han snakka med.

– Dette blei jo eit «undercoverboss-prosjekt» i enkeltmannsforetaket, ler Øystein.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.