Meining | 27. jan. 2023

Den tydelege røysta med det varme hjartet

Minneord om Mikal Leigland.

Den tydelege røysta med det varme hjartet
Mikal Leigland, her i kommunestyremøte i juni 2021. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. jan. 2023 10:18

Den tydelege røysta med det varme hjartet for folk og lokalsamfunn er borte.

Varaordførar Mikal Leigland (Sp) gjekk bort 28. desember 2022 etter kort tids sjukdom.

Han la bak seg 30 år i lokalpolitikken og i teneste for innbyggarane i Fusa og Bjørnafjorden kommunar som kommunestyremedlem, formannskapsmedlem og periodar som leiar av levekårsutvalet og helse- og sosialutvalet.

Ofte kunne vi høyre han seia:

«Må vi verkeleg gjera alt så vanskeleg? Vi må jo kunne løysa dette på eit vis! Vi må jo få framdrift!»

Mikal Leigland var oppteken av framdrift og resultat. Men aller mest var han ein mann med eit stort og varmt hjarte for folk og lokalsamfunn.

Mikal Leigland bygde så mykje meir enn hus og bygningar.

Han ville utvikla og bygga gode lokalsamfunn, skapa vekst og endring - men aldri utan å setja menneska i fokus.

Ofte kunne han vera direkte, tydeleg og tøff, men aldri for å gjera nokon noko vondt.

Han hadde omsorg for dei som trengte litt ekstra hjelp - enten det var her heima eller andre stader. Han var raus og rettferdig, og han møtte andre menneske med ekte nysgjerrigheit.

Ingen var for stor eller for liten til å kunne få Mikal si respekt - det var kordan ein var mot andre, som avgjorde det.

Mikal var ekte engasjert og har vore det gjennom heile livet. Engasjert i familien sin og historia, i Strandvik, i bedriftene sine, i heile Fusa kommune, og etter kvart, etter litt overtaling, vart han varaordførar i Bjørnafjorden.

Han hadde samfunnsbyggaren i ryggmargen og eit ektefølt og enormt positivt engasjement for heile kommunen.

Mikal var ikkje så opptatt av å ha eige kontor på rådhuset. Telefonen og bilen var Mikal sitt kontor. Utallege samtalar og timar med både gode og dårlege mobilforhold har det vore.

Alltid på og alltid klar.

Meir enn éin gong når det bles friskt i lokalpolitikken kunne Mikal minna oss på «vi har fått eit oppdrag, og det skal vi løysa saman. Vi går vidare!» Slik var Mikal, og slik er lokaldemokratiet på sitt beste.

Vi sender varme tankar til kona Magnhild, barn og barnebarn som har mista sin trygge bauta.

I takksemd minnes vi Mikal Leigland, han har sett spor etter seg som aldri vil bli gløymde.

Trine Lindborg
Ordførar (Ap) i Bjørnafjorden kommune

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.