Vêret i Os | 29. mars 2022

Det skal koma fleire fnugg til helga

Frå vår til litt vinter i overgangen til april.

Det skal koma fleire fnugg til helga
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 29. mars 2022 05:39

Tysdag morgon, etter nokre veker med sol og nokre dagar med tosifra mengde plussgradar, kom det lett snøfall over Os.

Vi har ikkje fått meldingar om vanskeleg føre på vegane, men i utsette område kan det vera verdt å vera varsam.

Det er ikkje spesielt seint med snø i slutten av mars, for berre to år sidan hadde vi snødekte bilar 12. mai.

Det er også neppe det siste snøfallet denne vinteren.

No er det meldt lettskya, sol og 5-6 plussgradar fram til og med laurdag, men minusgradar natt til torsdag og snø laurdag kveld og natt til søndag.

Det er ikkje venta dei store nedbørsmengdene, verken i låglandet eller i fjellet.

Skidestinasjonane nærmast Os har ikkje fått mykje påfyll etter vinterferien, men Eikedalen har 80 cm, Furedalen 90 cm og Voss og Myrkdalen over 150 cm snø i anlegget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.