– Dette blir ei spesiell, visuell oppleving

På laurdag opnar Linda Øgaard ei spesialbestilt utstilling i Oseana.

Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 15. apr. 2021 09:35

Linda Øgaard (1974) er bildekunstnar utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen.

Hun arbeidar primært med teikning, måleri og installasjonar, og har gjort fleire utsmykningar, blant anna ved Landås skole i Bergen, og ved Eidfjord Fjell & Fjord Hotell. I tillegg er hun hovudlærar for Billedkunst fordypning ved Bergen kulturskole.

Heilt spesielt for Oseana

På laurdag opnar Øgaard utstillinga «BREAKOUT ROOM» i Hvelvet i Oseana.

Utstillinga er spesialbestilt til Oseana, og Øgaard har jobba med å montera denne sidan laurdag.

Til Midtsiden fortel Øgaard at utstillinga tek føre seg temaet rundt fraværet av fysiske møte, av kropp og stad som vi alle har kjent på gjennom et år med pandemi.

– For mange har det siste året vore prega av å møtast gjennom digitale møterom som Zoom. Denne utstillinga blir som ei motsegn til til digitale rommet vi alle vore bundne til. Den siste tida har vi i stor grad har måtte nøya oss med det todimensjonale og skjermbaserte, og det er dette eg speler på i utstillinga.

Øgaard fortel at utstillinga kjem til å bli ei visuell oppleving for publikum, med ekstra fokus på lyssetting for å forsterka opplevinga.

Frå pressemeldinga:

Kontrastene står sentralt i Linda Øgaards installasjoner: Den myke kroppen møter hard arkitektur, det indre gjenspeiles i det ytre. Den subjektive reaksjonen kunstneren opplever i møte med et rom, gjøres universelt tilgjengelig gjennom hennes bearbeidelse av rommet til et abstrakt verk, som deretter igjen blir nært og personlig, i publikums møte med det.

Installasjon av Linda Øgaard. (Pressefoto)

Opning heile dagen

Vikarierande kurator ved Oseana, Kamilla S. Mathisen, fortel at grunna dei gjeldande smittevern-reglane, vil det ikkje bli ei ordinær opning av utstillinga.

– I staden for eitt sett tidspunkt held vi ope mellom klokka 11 og 16 på laurdag.

– Øgaard vil sjølv vera til stades heile dagen, men vi oppmodar publikum til å koma spreidd utover dagen, då vi ikkje kan ha meir enn åtte personar til stades inne i galleriet samstundes.

«BREAKOUT ROOM» kan du sjå i Oseana fram til 9. mai.

Utsnitt av installasjon av Linda Øgaard. (Pressefoto)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.