Politi | 13. nov. 2021

– Dette kjem vi til å halda fram med

Skreiv ut parkeringsgebyr på Halhjem i går.

– Dette kjem vi til å halda fram med
Politiet har skrive fleire titals parkeringsgebyr på Halhjem ferjekai den siste tida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. nov. 2021 08:11

I 02.20-tida natt til laurdag var politiet utom Halhjem ferjekai. Det oppdaga dei nokre feilparkerte bilar.

– To bilar, ein personbil og ein lastebil, fekk gebyr for å parkera på fortau, opplyser politibetjent Sindre Lekven Hallem.

Etter fleire meldingar frå grunneigar Statens vegvesen om feilparkering, har politiet vore på ei rekkje turar utom ferjekaien for å sjekka forholda.

– Det er mogleg at fleire enn før vel å setja frå seg bilen etter at ferja blei gratis for passasjerar. Det må dei gjerne gjera, men viss dei ikkje kan parkera bilen skikkeleg så kostar ei feilparkering 900 kroner.

– Det er skrive fleire titals gebyr til no i år. Så lenge det ikkje betrar seg kjem vi til å halda fram.

Politiet er ofte på Halhjem for å kontrollera parkeringa ved ferjekaien. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg– Vi kunne sikkert ha skrive 20 parkeringsgebyr

Lause hestar i vegbanen

Fredag formiddag i 09.50-tida kom det melding om to lause hestar som sprang i vegbanen på Sperrevikvegen.

På veg ut fekk politet melding om at nokon hadde tatt hand om hestane

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.