Politi | 12. nov. 2021

Leitte etter varebil - stoppa vinglete sjåfør

Reagerte på ujamn køyring.

Leitte etter varebil - stoppa vinglete sjåfør
Hatvikvegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. nov. 2021 08:39

I 15.30-tida torsdag fekk politiet melding om mistanke om køyring med overlast eller dårleg sikra last.

– Det var ein kvit varebil som køyrde på Byvegen forbi Amfisenteret med bakdøra open. Ein patrulje såg etter bilen, men fann den ikkje, fortel politioverbetjent Thomas Jullseth.

Litt før klokka 17 fekk dei melding om ujamn køyring på Hatvikvegen. Bilen vingla og gjekk opp og ned i fart.

– Patruljen stoppa bilen. Bilførar har førarkort og var edru. Den ujamne køyringa kan ha handla om at bilførar var ekstra varsam, og bremsa opp formøtande trafikk.

Det blei ingen reaksjonar.

I 17.30-tia fekk politiet melding om ein liten ungdomsgjeng med gutar i 12-14-årsalderen som gjekk og banka på fleire husveggar langs Byvegen.

– Meldar blei skremt av bankinga og ringte oss. Ingen patrulje blei sendt ut for å prata med gutane, men vedkomande kjenner visst den eine, så det er mogleg at det er nokre foreldre som får ein telefon i dag.

Klokka 22.17 torsdag kveld fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Byvegen på Røykenes.

– Det var ein liten hjort, og denne blei liggande på eit jorde ved sidan av vegen. Viltkontakt blei varsla. Ingen personar blei skadd i samanstøyten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.