E39 Hordfast | 22. feb. 2022

E39 Stord-Os skal sertifiserast

Godt forhold til naboar og andre interessepartar er blant det som skal dokumenterast.

E39 Stord-Os skal sertifiserast
Landing av bru over Bjørnafjorden på Røtinga i Bjørnafjorden kommune. (Ill.: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. feb. 2022 11:56

Pressemelding:

Statens vegvesen har vedteke at alle prosjekt over 200 millionar kronar skal sertifiserast i tråd med CEEQUAL i byggefasen. CEEQUAL er eit internasjonalt system for miljøsertifisering i anleggsbransjen.

No blir E39 Stord-Os eitt av prosjekta som skal sertifiserast som «Whole project».

Det betyr at prosjektet blir sertifisert heilt frå reguleringsplan til ferdigstilling.

– Det er store fordelar ved å starte sertifiseringa allereie i planfasen. Tidleg i prosjektløpet ser vi at det er større handlingsrom for å finne gode løysingar. Det er bra at vi blir utfordra på eit så viktig tema som berekraft og CEEQUAL blir eit viktig verktøy, seier prosjektleiar Sverre Ottesen.

Med ei integrering av CEEQUAL i heile prosjektet er berekraft sett høgt på agendaen og er ein sentral del av prosjektgjennomføringa.

Naturmangfald er sentralt i prosjektet

Prosjektet har gjennomført større kartleggingar av naturmangfald i fleire omgangar.

Det er også gitt eit eige oppdrag frå Samferdsledepartementet om å utgreie økologisk kompensasjon. Denne rapporten skal leverast samtidig som reguleringsplanen og arbeidet pågår.

– Naturmangfald er sentralt i arbeidet med reguleringsplanen for Stord-Os (Hordfast). Med CEEQUAL får vi ein bransjestandard som stiller miljøkrav til anleggsbransjen. Jo meir vi finn ut i planlegginga jo betre val kan vi ta for framtida, seier Ottesen.

Statens vegvesen har som eit av sine viktigaste mål, å bidra til å oppfylle Norges klima- og miljømål.

Vegvesenet har sett seg som mål å redusere klimautsleppa frå anleggsbransjen og drift av vegnettet med 50 prosent innan 2030.

Kva er CEEQUAL?

  • CEEQUAL (The Civil Engineering Quality Assessment & Awards Scheeme) er eit internasjonalt miljøsertifiseringssystem for anleggsprosjekt der målsetjinga er å gjera desse meir miljøvennlege og berekraftige.
  • CEEQUAL er ein bransjestandard som skal stilla einsarta og føreseielege miljøkrav til anleggsbransjen.
  • Sertifiseringsordninga omfattar eit breitt spekter av miljøomsyn, frå klima og energiforbruk, via artsmangfald og kulturminne til forholdet til naboar og andre interessepartar.
  • Ordninga krev at vegprosjektet blir vurdert opp mot eit sett av miljøkriterium, og dokumentasjon på at desse kriteria vert overhaldne. Vurderingar og dokumentasjonen skal stadfestast av ein godkjent tredjepart.
  • Kriteria kan brukast i nokre av fasane i eit prosjekt, t.d. plan- og prosjekteringsfase eller byggjefase. Dei kan også brukast for å sertifisere heile prosjektet frå start av planlegging til ferdig bygging og ev. etterundersøkingar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.