E39 Hordfast | 15. jan. 2022

Hordfast: Kan tapa to minutt på Tysnes

Statsforvaltaren har funne meir regnskog, og foreslår redusert fartsgrense.

Kart frå rapporten til Asplak Viak som blei publisert i fjor. I sone 3 ser du Gjøvåg og området Statsforvaltaren har gjort nye funn i.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. jan. 2022 08:38

I går fortalte BA om eit innspel frå Statsforvaltaren til reguleringsplanarbeidet vegvesenet utfører på E39 Stord-Os i Hordfast-prosjektet.

Statsforvaltaren har funne «30 boreonemorale regnskoger, 38 kystmyrer og åtte rike sumpskoger» på strekningen Gjøvåg til Søreide på Tysnes.

For at ny E39 skal kunna svinga unna desse, foreslår Statsforvaltaren å redusera fartsgrensa frå 110 til 90 km/t over ein distanse på 14 kilometer (med lågare fartsgrense kan svingane vera krappare).

Det vil gi 1 minutt og 42 sekund tapt reisetid.

Veit om fleire frå før

At det er truga artar på Tysnes er ikkje nytt for Statens vegvesen. I april i fjor blei ein rapport om naturmangfald publisert, utforma av Asplan Viak.

Nordre del av planområdet. (Kart: Statens vegvesen)
Les ògE39 Stord-Os: Ny rapport om naturmangfald

Den førre kartlegginga blei gjort tilbake i 2015 i samband med kommunedelplanen.

Nytt i 2021 var blant anna 14 lokalitetar med regnskog. Av desse besto 6 lokalitetar av fattig, furudominert boreonemoral regnskog.

Innspelet frå Statsforvaltaren blir av vegvesenet ikkje sett på som dramatisk.

– Det er ein statleg plan, og Statsforvaltaren er ein høyringspart. Dei har kome med uttale som vi skal ha møte med dei om, seier prosjektleiar Sverre Ottesen til BA.

Totalt har vegvesenet registrert 375 ulike truga dyre- og planteartar på E39 Stord-Os samme strekning, fordelt på 30 arter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.