Vêret i Os | 07. juni 2023

Ei god sommarveke startar i morgon!

Melder over 23 gradar, skyfri himmel og svak vind.

Ei god sommarveke startar i morgon!
Badebrygga fekk nytt, lågare stupebrett i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 07. juni 2023 08:46

Vêret er i ferd med å gå frå 17 gradar og litt kald nordavind til 23 gradar og knappe 3 m/s i vindstyrke.

Torsdag er det meldt skyfri himmel og 20 gradar.

Fredag og laurdag er det venta 22 gradar, frå søndag og utover i veka skal gradestokken ligga på 23 varmegradar.

Det er Yr som melder sommarvarmen, Storm nøyer seg med 15 til 17 gradar. Yr plar treffa best på temperaturane i Os, Storm plar treffa best på skydekke og nedbør.

Det er ikkje meldt nedbør så langt langtidsvarselet strekk seg, til og med torsdag neste veke, men Storm melder overskya fredag og søndag.

Både Yr og Storm melder lettskya eller skyfritt torsdag, laurdag og måndag ettermiddag.

Er du glad i sol og varme er det uansett berre til å gripa desse dagane, blir juli like våt som i fjor så er dette årets sommar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.