Ein fatal feil å ta del i byvekstavtalen
Statsforvaltaren har gjort jobben sin - eg synest det er synd at fleirtalet ikkje hadde ryggrad til å seia nei til avtalen.

Bakgrunn: Statsforvaltaren har sendt ei 19 sider lang tilbakemelding på Bjørnafjorden kommune sitt utkast kommunedelplan for arealet på Os-sida av kommunen. Tilbakemeldinga er svært kritisk, og ber kommunen ta ut yttarlegare rundt 30 bustadområde. Dei argumenterer med byvekstavtalen over ti gongar i brevet.
Eg forsto no frå dag éin at dette ville verta konsekvensen av å ta del i byvekstavlen.
Trudde verkeleg Sp-representantane at Staten gir vekk milionbeløp utan vilkår?
Eg står fast på at dette var «Judaspengar» fleirtalet ikkje hadde ryggrad til å takka nei til.
«Seier vi ja til dette, så bryter det med både Senterpartiet sin politikk og mi eiga oppfatting, og eg er redd vi rullar oss inn i noko som gjer at vi mister sjølvråderetten over vår eigen kommune». Harald Lekven i formannskapet, februar 2020.
Fridom og sjølvråderett har ein kostnad!
Sp-folk av alle burde forstått det! Statsforvaltaren har gjort jobben sin! Fleirtalet i Bjørnafjorden gjorde eit fatalt feil val ... diverre!
Harald Lekven
Uavhengig kommunestyrerepresentant og «senterpartist»
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.