Bjørnafjorden kulturskule mars 2019

Ein smak av Broadway

Bildeserie og video: 150 elevar frå Bjørnafjorden kulturskule strålte i Oseana.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Laurdag ettermiddag heldt Bjørnafjorden kulturskule si første store framsyning etter at kulturskulane i Os og Fusa blei slått saman.

«Bjørnafjorden@Broadway» var 70 imponerande minutt der 150 elevar viste song, musikk og dans - frå gamle klassikarar til «How far I'll Go» frå den ferskare disneysuksessen om Vaiana - stødig, muntert og med glimt i auget!

– Alle elevane har hatt det å sjå film til sitt innslag i lekse, frå «Les Miserables» til «Løvenes Konge», fortel danselærar og produsent Patricia Langeland.

– Det handlar ikkje berre om å øva inn dansetrinna, du skal få dynamikken frå perioden, og du skal forstå musikalen. Det kan vera gøy å dansa, men dans kan òg formidla bodskap, noko vi hadde fleire eksempel på i dag.

Kulturskulen stilte med eige orkester med rundt 30 musikarar, blant desse 17 blåsarar.

– Fleire av musikantane våre speler òg med Os skulekorps, som var på Hordablesten førre helg og skal til NM janitsjar neste helg. For at det ikkje skulle bli for mykje, fekk vi låna inn tre elevar frå Kongshaug, fortel rektor Christian Breistein.

– Musikk og kor gjorde ein kjempejobb, det er som ein draum når så mange elevar fungerer saman på denne måten, seier ei stolt Patricia etter at showet fekk ståande applaus.

Fleire saker