Fotball | 23. jan. 2022

– Ein uvanleg veg til Brann

Signerte laurdag kveld.

– Ein uvanleg veg til Brann
Eksotisk signering på Gran Canaria laurdag kveld. (Foto: SK Brann)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. jan. 2022 09:33

Laurdag var medisinsk test bestått, og Vegard Leikvoll Moberg kunne setja seg på flyet frå Flesland til Las Palmas for å delta på Brann sin treningsleir på Gran Canaria.

13 år etter debuten for A-laget til Os:

Vegard frå start i vellykka opprykkskamp mot Austevoll i debutsesongen i 2009. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògVegard Leikvoll Moberg klar for Brann

I dag stadfestar SK Brann at kontrakten blei signert laurdag kveld (på lagkamerat og sambygding Ole Martin Kolskogen sin 21-årsdag), og at Vegard i dag, på 31-årsdagen sin, har alt det formelle i orden så han kan kalla seg Brann-spelar.

I ruta under ser du klubben sitt første intervju med den nyerverva spelaren frå Os.

Vegard har gått frå Os via Åsane, Sogndal, danske Silkeborg og Bodø/Glimt til Brann.

– Ein litt uvanleg veg? får han spørsmål om.

– Ja, men eg er glad for den vegen eg har hatt. At den no har leia fram til Brann er eg stolt over, seier Moberg.

– Han veit kva som må til

– Vi er veldig nøgde med å ha fått Vegard til Bergen og Brann. Han er rutinert, og veit hva som må til både i OBOS-ligaen og Eliteserien, seier sportslig leder i Brann, Jimmi Nagel Jacobsen til brann.no.

– Han er hardtarbeidande, lokal og topp motivert for å bidra til å nå målet om å koma seg tilbake i Eliteserien så fort som mogleg,

Kontrakten gjeld ut årets sesong.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.