Svømming | 22. juni 2021

Emil Austevoll Harlem på landslaget i svømming

Ein av fem norske juniorar som representerer Noreg i nordisk meisterskap.

Emil Austevoll Harlem på landslaget i svømming
I konkurranse mot opptil tre år eldre gutar tok Emil tre 4. plassar i Bergen Swimfestival. (Arkivfoto frå 2019: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. juni 2021 09:25

Emil Austevoll Harlem (16) er ein av fem gutar som er tatt ut til å representera Noreg ved Nordic Age Group Championships i Litauen 10. til 11. juni.

– Uttaket kom etter Bergen Swim Festival i AdO. Der gjorde eg det ganske bra på fleire distansar, seier den allsidige svømmaren.

No når han eitt av måla sine, å få svømma med det norske flagget på badehetta.

Før nordisk meisterskap for junior skal han på «precamp» i Oslo inn mot NM. Der får han trena med OL-laget.

Tre 4. plassar mot eldre motstandarar

Bergen Swimfestival blei god på fleire måtar for Emil.

– Eg persa på alt, men det er jo fordi det er ei stund sidan førre stemne, seier Emil, sjølv om han persa på alle distansar også for berre tre månadar sidan.

– I Bergen Swimfestival var eg mest nøgd med 50 meter rygg, 100 meter fri og 50 meter butterfly

I konkurranse mot opptil tre år eldre utøvarar blei det tre 4. plassar; 50 meter rygg, 50 meter butterfly og 200 meter individuell medley.

I tillegg fekk han 5. plass, 8. plass og 10. plass på 100 meter butterfly, 50 meter fri og 100 meter fri.

Rangert som beste 16-åring på fem distansar

Samanlikna med jamgamle svømmarar, gutar fødd i 2005, skårer Emil best må mykje og høgt på fleire andre:

Emil sin ranking for gutar fødd i 2005:

50 m butterfly: 1
50 m rygg: 3
50 m bryst: 1
50 m fri: 4
100 m butterfly: 1
100 m bryst: 4
100 m fri: 4
100 m medley: 1
200 m butterfly
200 m bryst: 3
200 m fri: 4
200 m medley: 1

Kjelde: medley.no

Dyrkar det allsidige

I fjor haust gjekk Emil vidare frå moderklubben i Os til Bergen Svømme Club, og får no tett oppfølging av den meriterte trener Flemming Skov Jenssen.

– Vi har dyrka det allsidige, medleyen, vidare. Eg trur det er årsaken til at eg blei tatt ut.

Emil har vore allsidig lenge, og god på butterfly i ung alder. Her som 12-åring i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Emil har vore allsidig lenge, og god på butterfly i ung alder. Her som 12-åring i 2017. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Om ikkje du skil deg veldig mykje ut på éin eller to distansar, kan du likevel plukka poeng til laget ditt på mange øvingar - noko som påverkar Noreg sin totalsum og samla plassering i meisterskapen, forklarer han.

I Nordic Age Group Championships i Litauen, 10. og 11. juli, skal Emil få bryna seg på dei beste svømmarane frå Danmark, Estland, Færøyene, Finland, Island, Latvia, Noreg, Sverige, Nederland, Sveits og Litauen.

– I tillegg blir det stafett. Eg gler meg veldig!

Men før NM ventar altså precamp i Oslo og NM junior/senior i Bergen 3. til 6. juli.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.