Politi | 14. juli 2022

Endå eit ras over Hatvikvegen

Vegen opna igjen klokka 22.13 onsdag kveld.

Endå eit ras over Hatvikvegen
Moldadalen. (Norkart/kommunekart.com)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. juli 2022 10:09

Onsdag klokka 19.29 fekk politiet melding om jordras i Moldadalen.

– Raset sperra halve vegen, opplyser politioverbetjent Knut Magnus Fjeld.

Politiet varsla vidare til Vegtrafikksentralen, som overtok oppdraget.

Det står ikkje notert om jordraset gjekk over fylkesveg 552 Hatvikvegen eller kommunale Bjånesvegen.

Det har gått ras over begge vegane dei siste åra, seinast på Hatvik ferjekai førre månad, men også i Moldadalen.

Men VTS har meir informasjon:

– Vi fekk varsel klokka 19.34. Det skal ha vore eit lite steinras nærmare Hatvik ferjekai. Vegen var rydda raskt, og var open igjen klokka 22.13, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen.

Raset er med andre ord nærmare raset som gjekk på ferjekaien for fire veker sidan, der det framleis gjenstår rydde- og sikringsarbeid.

– Raset gjekk mellom avkøyrsla til Berge og ferjekaien, opplyser VTS.

Det har vore mykje nedbør i Os dei siste dagane og vekene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.