Samferdsle | 29. sep. 2021

No går ferjeprisane litt opp

«På grunn av korona».

No går ferjeprisane litt opp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. sep. 2021 08:16

Ferjeprisane på fylkesvegferjene i Vestland går noko opp frå 1. oktober.

– Årsaka er at meirverdiavgifta no blir sett tilbake til 12 prosent, opplyser Statens vegvesen.

Momsen vart redusert til 6 prosent i april 2020, som eit ledd i den statlege krisepakka for korona.

I tråd med gjenopninga av samfunnet etter pandemien blir tiltaket no avvikla.

Prisane for fylkesvegferjene vil frå 1. oktober svare til Statens vegvesen sitt takstregulativ for riksvegferjene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.