Lokal | 16. juli 2018

Eventyret - så langt

Noatak River, Alaska: Torbjørn, Marius og Morten har møtt bjørn, blitt forfølgd av moskus - og har skrudd av GPS-sendaren.

Eventyret - så langt
Kart med siste GPS-signal 11. juli. Torbjørn Lothe Mehammer, Marius Humlen Halhjem og Morten Rød Røttingen før avreise innfelt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. juli 2018 13:44

I mai fortalte dei Midtsiden om den komande turen, torsdag 28. juni reiste dei frå Flesland mot Kotzebue i Alaska for å padla heile Noatak River.

– Starten har vore fin, men hektisk og med lite mat. No er vi ferdig med cirka 500 av knappe 700 kilometer, og tar det meir roleg, seier Marius Humlen Halhjem på telefon via satellitt.

Dei er framleis utanfor sivilisasjon og mobildekning. Først om ei veke reknar dei med å vera i Noatak, der dei er online. Om ni dagar går flyet frå Kotzebue.

For fem dagar sidan slo dei av GPS-sendaren som har gjeve Midtsiden og andre her heime kontroll over kvar dei er i løypa.

– Det var noko gale med den, så vi måtte skru den av. Derfor er det greit å melda ifrå at alt står bra til.

Starta turen med å mista kontakten med kvarandre

Sjølve utreisa til toppen av elva starta 30. juni, ein dag tidlegare enn først planlagt.

– Vi ba om det, men fekk det samtidig svært travelt. Vi brukte éin time på å handla mat til ein heil månad, noko som gjorde at vi stressa litt, og i starten var urolege for at vi hadde for lite mat.

Dei tre kameratane rasjonerte hardt. Det var heller ikkje fisk å få så høgt oppe i elva. Samtidig var dette den travlaste tida når det kjem til padling i dei to kanoane.

– Vi starta ved Lucky Six, og hadde på førehand fått høyra at dette var eit av dei finaste område han hadde vore i, ein erfaren kar vi møtte før avreise med sjøfly. Han har frå før padla 37 elver i Alaska.

Dei tre osingane blei anbefalt å nyta naturen i Lucky Six, og starta naturopplevinga med ein fridag i dei fantastiske omgjevnadane.

Sjølve padleturen fekk ein noko tøffare start.

– Det er på tampen av snøsmeltinga, så elva var litt heftig. Eg og Morten, som har lite padleerfaring, er i éin kano, Torbjørn i ein annan. Nesten det første som skjedde var at vi endte ned kvar vår veg i eit stryk der elva delte seg.

Dette hadde ikkje dei tre førebudd seg på. Kva skulle dei gjera no, padla vidare eller trekka mot land og leita etter kvarandre?

– Heldigvis, etter cirka eit kvarter, så skimta vi kvarandre på tvers av eit myrområde. Vi tok den eine kanoen på land så vi kunne padla saman vidare.

Marius er imponert over slitestyrken på Ally-kanoane, som både har stått fast her og der, men som førebels ikkje har velta.

Moskus har vore skumlare enn bjørn

Eit spennande tema før avreise har vore våpensøknad, som heldigvis gjekk i boks, i tilfelle dei skulle bli angripen av bjørn. Samtidig håpa alle tre at dei skulle møta bjørn.

– Det har vi gjort òg, fleire gongar, og det har vore veldig kjekt! Den eine gongen blei det litt spennande, for mens vi sto og følgde med på to bjørnar kom det ein tettare på oss bakfrå. Då vi snudde oss var den kanskje berre 15 meter unna.

Men det er eit anna dyr som har skremt padlarane frå Os litt meir.

– Mens bjørnane stort sett har vore redde til no, og stukke av når dei har sett oss, er moskusen meir urokkeleg. I tillegg har vi opplevd at dei har følgd oss eit langt stykke på vegen.

– Vi prøvde å halda oss unna, men dei kom nærmare og nærmare. Det var ein flokk på rundt 15 dyr. Til slutt padla vi 6-7 kilometer vekk og sette opp telt. Då vi skulle sjå rundt teltet oppdaga vi at flokken hadde kome etter oss, og sto berre 150 meter vekke.

– Vi var nesten på veg i kanoen for å stikka av, men så byrja Torbjørn å brøla til dei. Då såg det ut som om tre hannar i flokken leia med seg heile gjengen vekk.

Har fått 10 kilo med fisk i dag

No er eventyrarane nede i eit rolegare område av elva, og laksen har byrja å gå opp.

– Vi får bra med fisk, i dag åleine har vi fått 10 kilo med ulike artar.

– Torbjørn fekk dessutan ei gjedde på 5,2 kilo. Det som var litt morosamt var at Morten mista ein fisk rett før, og gjedda Torbjørn fekk hadde Morten sin sluk i kjeften.

Turen har så langt vore rik på fleire gode naturopplevingar.

– Vi har sett mykje ørn og vi har tatt ein god del bilde og videosnuttar, blant anna av ein kamp mellom to falkar og ei ørn. Kampen enda med at ørna gjekk i bakken.

Reisetempoet er redusert frå 5-6 til 2,5 mil om dagen, med betre tid til fiske og meir mat å forsyna seg med.

Midtsiden kjem med bilde og meir frå turen når Marius, Morten og Torbjørn har kome seg til eit område med internettdekning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.