Næringsliv | 26. okt. 2011

Eventyrleg mottaking

To prosjekt retta mot same målgruppe opplevde knallgode salstartar då prosjekta blei lagt ut på marknaden.

Eventyrleg mottaking
Andris Hamreonsdag 26. okt. 2011 10:29

ByggConsept la i slutten av september ut 12 leilegheiter med relativt låg pris for sal i Halhjemsmarka III.

Om lag samstundes relanserte Ikea og Skanska eit relativt liknande konsept då dei introduserte BoKlok i Kuvågen.

Sjølv om ein skulle tru at dei to konsepta ville konkurrera med kvarandre har dei begge opplevd ein eventyrleg salstart og er klare for å starta bygginga.

Salstart på Ikea

Laurdag arrangerte BoKlok trekning og salsstart på dei 22 leilegheitene dei har lagt ut for sal. Alle interesserte blei invitert ut til Ikea for å vera med på trekning og val av husvære.

- Det blei akkurat så kjekt som vi hadde håpa på, fortel salsansvarleg Hanne Sjøstrøm i Skanska.

12 av dei 22 husværa blei selt på opningsdagen.

- Det er vi kjempenøgde med.

- Vi måtte selja 9 for å kunne starta prosjektet, så no ventar vi berre på kommunal godkjenning for å starta opp arbeida, forklarar Sjøstrøm.

Ho fortel at det var mange spente og forventingsfulle som stilte opp på laurdag.

- «Vil eg får den leilegheita eg ønskjer meg» var det mange som nok tenkte.

- Heldigvis blei det slik at alle fekk det dei hadde lyst på, og det fell ein og anna tåre nedover kinnet når det gjekk opp for enkelte av kjøperane at dei fekk draumen oppfylt, smiler Sjøstrøm.

Alle frå Os

Framleis har dei to 2-roms og 8 3-roms ledige.

- Dei blir selt via Skanska Bolig på ordinært vis. Om det er nokon som har lyst til å sjå på tomta og plassering av husa har vi no fått kutta ned gras og busker og markert dei forskjellege husværa på tomta.

- I kveld har vi invitert alle som var med på laurdag til felles kontrakts- og informasjonsmøte. Det trur eg blir veldig kjekt.

- Alle dei som kjøpte husvære på laurdag har postadresse på Os, så det kan godt vera at dei kjenner kvarandre frå før, avsluttar Sjøstrøm.

Sjøstrøm reknar med at kjøparane kan flytta inn i desember neste år.

Blei riven vekk

ByggConsept sitt prosjekt i Halhjemsmarka var knapt nok lansert før dei første husværa var rive vekk.

- Det gjekk toppen 14 dagar frå salstart til gravinga på tomta starta, fortel Liv Osland hos Osland Prosjektutvikling. Ho har hatt ansvaret for salet av dei 12 leilegheitene på 85 kvadratmeter.

- Vi måtte selja fire for å starta arbeidet. No har vi selt ti og har berre to igjen.

- Eg har aldri vore med på noko lignande tidlegare, fortel Osland som også opplevde ei enorm interesse tidlegare i år då ho handterte salet av 18 leilegheiter i Lekvenvågen.

- Også der gjekk det unna med 12 selte på kort tid, men dette prosjektet i Halhjemsmarka var heilt fantastisk i forhold til kor fort husværa blei selte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.