Sport | 02. aug. 2018

Fabian sette inn 3,5 mål på éin omgang

Norway Cup dag 4 og 5: Begge juniorlaga og J15-2 vann første kamp i sluttspelet.

Fabian sette inn 3,5 mål på éin omgang
Os G18/19-1. Fabian er spelar nummer tre bak frå venstre. (Privat foto, Kristian Bødtker)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. aug. 2018 11:01

Mens 3 av 7 lag frå Os og Nore Neset, gutar 15 og begge G16-laga, rauk ut i første runde av sluttspelet, er jentene og juniorane vidare.

Os G18/19-2 spelte onsdag kveld og vann 3-0 over Haugar og tok seg vidare i B-sluttspelet. Der tapte dei i dag 0-3 for Kongsberg.

Nore Neset/Os J15-2 hadde fri i går, og fekk kamp klokka åtte torsdag morgon. Der slo dei Kolnes 2-0 i første runde i B-sluttspelet, og spiller no mot Nordre Fjell.

OPPDATERT: J15-2 spelte ein knallkamp, men tapte 1-2 på golden goal i ekstraomgangar.

J15-1 hadde òg fri i går. Dei var suverene i puljespelet med 22-0 i målforskjell på 3 kampar, og speler sin første kamp i A-sluttspelet klokka 16.15 i dag. Dei møter vinnar av il Bjørn og Røa.

Fabian seinka motstandar frå USA

Os G18/19-1, som i stor grad består av dei som tok seg til finale i G17 i fjor, held fram med å vinna.

• Les òg: Os junior stiller uvanleg sterkt i Norway Cup

Dei blei puljevinnar med 9 av 9 poeng, hadde fri onsdag og spelte mot amerikanske ASAL FC torsdag formiddag.

Os vann 4-1. Fabian Bødtker gav Os leiinga, 2-0 kom på sjølvmål, 3-0 sette Fabian inn på straffe før den same Fabian la på til 4-0 før pause.

– Fabian pressa òg han som skåra sjølvmål, fortel trenar John Ole Johannesen.

• I 2016 tok John Ole av seg hatten for Fabian - også det etter fire mål på éin omgang

– Han er ikkje berre flink til å skyta, han er sterk, god til å halda på ballen og til å riva seg laus så han får brukt venstrefoten sin.

Amerikanarane fekk seg eit trøstemål, men Os tok seg komfortabelt vidare til 1/8-finale.

Denne blir spelt mot Bergen Nord klokka 18.45 i kveld.

– Bergen Nord har som oss, tatt med ungdomar som elles speler på A-laget, så det kan bli ein jamn og god kamp, trur Johannesen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.