Politi | 01. nov. 2022

Fann GBL i bil

Bilførar var edru, passasjer hadde med seg både tablettar og GBL.

Fann GBL i bil
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. nov. 2022 09:59

Måndag i 13.30-tida stoppa utrykningspolitiet ein bil ved Amfisenteret.

– Bilførar, ei kvinne i 30-åra, var edru. Passasjer hadde med seg ei flaske av det narkotiske stoffet GBL og nokre narkotiske tablettar, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande, ein mann i 30-åra frå Os, erkjente at han var i besittelse av GBL og tablettar han ikkje har lov å ha. Politiet har oppretta sak.

Ungdom starta dagen med tørrkoking

Tysdag morgon rykte brannvesenet og politiet ut til ei adresse på Moberg.

To ungdomar hadde sovna frå komfyren, og husværet varfylt med røyk.

Huseigar oppdaga røykutviklinga, og varsla.

Trøbbel på Hatvikvegen

Måndag morgon i 08-tida fekkpolitiet melding om ein bil som sto parkert på Hatvikvegen i svingen ved Haugsneset.

Det viste seg at vedkomande hadde køyrd bilen tom for drivstoff.

Det blei lettare trafikale utfordringar fram til bilførar fekk påfyll.

Promillekontroll på Lyseklostervegen

Søndag formiddag, frå klokka 10.15 til 11.30, hadde politiet promillekontroll på Lyseklostervegen.

38 trafikantar blei kontrollerte, og politiet fann ingenting å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.