Politi | 30. okt. 2022

Fleire halloween-festar gjekk over styr

Ein politibil fekk bakruta si knust.

Eirin Eriksen Horvei
Eirin Eriksen Horveisøndag 30. okt. 2022 09:48

Natt til laurdag fekk politiet meldingar om fleire Halloweenfester i Hegglandsdalen som hadde gått over styr.

– Det var fleire slåsskamper på festene, og amper stemning, seier politibetjent Robert Jacobsen.

Eit av arrangementa blei stengt ned rundt halv to på natta. Festen blei stengt ned på grunn av valdsbruk og hærverk.

Tre personar blei då bortvist fra området av politiet.

– Ein politibil fekk bakruta si knust. Hendinga er anmeldt, fortel Jacobsen.

Køyrde i ruspåverka tilstand

Klokken 02.00 natt til søndag blei ein kvinne i 30-åra stoppa av politiet og kontrollert.

Kvinnen blåste til over lovleg alkoholverdi. Førarkortet blei ikkje beslaglagt, men førar er blitt anmeldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.