Politi | 26. okt. 2022

Morgonkontroll på Fanafjellet

– Ta deg ein runde rundt bilen og sjekk lysa dine.

Morgonkontroll på Fanafjellet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. okt. 2022 15:35

Statens vegvesen hadde kontroll på Fanafjellet onsdag morgon, fem dagar før ny E39 opnar mellom Os og Fana.

Av 765 bilar som køyrde gjennom skiltskanner (ANPR), blei berre 3 stoppa.

– Ein av dei hadde gløymd EU-kontroll, og blei avskilta. Dei to andre hadde gløymd etterkontrollen. Bileigarane fekk køyra vidare, til verkstad, for å få den utført, fortel Lars Harald Drange frå Statens vegvesen i rapporten.

202 køyretøy blei kontrollert, utanom dei 3 ny-skanna som blei vinka inn.

– Det var stort sett lite å bemerka, men vi ser at fleire bør ta ein runde rundt sin eigen bil og sjekka både lys og dekk.

Det blei skrive ut 34 mangellappar.

– Mykje av dette var ulike manglar på lys, men det var også nokre manglar som handla om dårlege bremsar.

Ein av bilistane måtte sikra last på tilhengar betre, og fekk i tillegg loggført ein teknisk mangel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.