Politi | 30. sep. 2022

Fann mesteparten av tjuvgodset utanfor lokalet

Innbrot hos bedrift i Os sentrum.

Fann mesteparten av tjuvgodset utanfor lokalet
Politiet var på undersøking etter innbrot i Os sentrum natt til fredag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. sep. 2022 07:08

Fredag morgon klokka 07.15 kom det melding om innbrot hos ei bedrift i Os.

Dei siste vekene har det vore tjuveri frå fleire bedrifter i Os nord, denne gong var det innbrot hos eit firma i Os sentrum.

– Dører er brotne opp og fleire gjenstandar er fjerna, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Då politiet var på staden blei dei fleste gjenstandane funne igjen i ein bag på utsida.

– Vi har starta undersøkingar av åstaden.

To store forelegg i Lepsøykrysset

På E39 Byvegen i Hjellemarka kontrollerte dei 27 trafikantar for promille, der var alle edru.

Tidlegare på dagen sjekka dei trafikken gjennom krysset frå Lepsøyvegen til E39 Halhjemsvegen igjen.

To trafikantar blei tatt for ikkje å stoppa ved stoppskiltet, og fekk forelegg på 7.450 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Rygga på eit dyr

Natt til fredag, rundt klokka 04.45, fekk politiet melding om at ein bilist hadde rygga på eit dyr utanfor Spar Nore Neset.

– Dyret sprang til skogs. Vi reknar med at det er ein hjort, og har varsla viltkontakt for ettersøk, opplyser Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.