Politi | 25. sep. 2022

Har skrive ut fem forelegg i Lepsøykrysset

Torsdag og laurdag var det fleire som fekk store forelegg og tre prikkar på førarkortet.

Har skrive ut fem forelegg i Lepsøykrysset
Stoppar du ikkje ved skiltet, utset du deg for risiko. Det kan dessutan kosta deg dyrt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 25. sep. 2022 06:15

Laurdag hadde UP trafikkontroll i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

To bilar stoppa ikkje heilt opp ved skiltet frå Lepsøyvegen inn på E39, opplyser politiet på Twitter.

Det gir 7.450 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet (seks prikkar om du er i prøvetida).

Også torsdag var det kontroll i Lepsøykrysset. Lokal patrulje registrerte i 14.40-tida tre bilar som ikkje stoppa.

Dei fem bilistane må med andre ord ut med til saman 37.250 kroner etter desse to kontrollane i det ulykkesutsette krysset.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.