Fartskontroll og funn av sekk
Ville ikkje vedta forelegg på 14.500 kroner.

Onsdag i 14-tida var det fartskontroll i 70-sona på E39 Halhjemsvegen retning Halhjem.
Det blei skrive ut fire forenkla forelegg for fart.
Høgaste målte fart var 103 km/t, 3 km/t høgare fart, og det ville blitt førarkortbeslag.
– Vedkomande vedtok ikkje forelegget, fortelpolitioverbetjent Anne Lyssand.
103 km/t kvalifiserer til 14.400 kroner i forelegg og tre prikkar på førarkortet.
På morgonen i går var politiet og sjekka skulevegen i Strøno.
– Trafikken flaut fint og vi fekk ein prat med rektor, som var nøgd med å få besøk av politiet.
Klokka 14.44 fekk politiet melding om ein funnen sekk på eller nær Lyngheim.
– Eigar kan ta kontakt med oss. Vi utleverer sekken om vi er trygge på at det er eigar som tar kontakt, som at vedkomande kan skildra innhaldet, seier Lyssand.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.