Politi | 28. aug. 2023

Fleire klagar på støy, fyrverkeri og høge smell

– Minst éin av plassane skal det ha vore brukt fyrverkeri.

Fleire klagar på støy, fyrverkeri og høge smell
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. aug. 2023 07:53

Politiet i Os fortel om ei roleg helg, men om nokre meldingar om støy og smell.

Laurdag kveld fekk dei fleire meldingar om både smell og fyrverkeri frå ei privat adresse på Nore Neset.

– Politiet var på staden etter midnatt, men då var festen i ferd med å bli avslutta, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Midtsiden har fått melding frå ein hundeeigar som fortel at hunden hennar knekte foten då den blei skremt av den eine smellen.

– Det var ein salutt i 19.30-tida og fyrverki både klokka 22 og 23, opplyser ho.

Laurdag rett før midnatt blei det meldt om høge smell i Os sentrum.

– Det kan ha vore fyrverkeri, men vi har ingen observasjonar, berre meldingar frå folk som var på avstand frå sentrum.

Natt til søndag kom det òg melding om feststøy frå ein båt i Os hamn.

– Ein patrulje var på staden og fekk kontakt med båteigar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.